Grieg visste skilnaden på krig og fred
Håvard Rem svarer meg i Dag og Tid 3. februar. Han meiner det ikkje er relevant å knyte «Til ungdommen» til det konkrete høvet diktet var skrive til – «Russefesten» i Studentersamfundet, som eit innlegg skrive på oppdrag mot ein fascistisk og konservativ aksjon, ei «meget interessant» oppgåve ifølgje Grieg sjølv. Det er ei underleg form for historisering. Vidare hevdar Rem at sidan eg ikkje peiker på ein konkret tekststad i «Til ungdommen» som knyter det til sjølve festen, er hans tolking – diktet er eit utslag av kommunistisk avmilitariseringsstrategi – betre. Kva tekststad viser Rem til?
Kamp mot krigshissing og kamp mot fascismen var to sider av same sak for Grieg, med røter i Griegs tidlegare borgarlege pasifisme, som òg samsvarte med den kommunistiske vendinga. Slik blei diktet forstått i samtida. Mannen som bad om diktet, Trond Hegna, uttrykker tendensen slik: «samling av arbeidere og intellektuelle mot krig og diktatur». Trengst sitatprov for ei slik lesing?
Grieg meinte aldri at krigen kunne vinnast med ånd. Men Noreg var ikkje i krig i 1936, og «Til ungdommen» vende seg til ein faktisk politisk situasjon «før katastrofen», slik Grieg skreiv i eit brev til søstera på same tid som han skreiv «Til ungdommen». I 1937 skreiv han om den spanske borgarkrigen: «Vi i vårt land er skånet. / Vi går i vår trygge fred. / Krev derfor mer av ditt hjerte, / fordi du ikke er med. // Hjelp dine spanske brødre, / gi dem som takk din hånd. / De holder den fronten du tror på: / Menneskets frie ånd!» Eg held fast på dette: Grieg visste godt at «den frie ånd» kunne bli avhengig av vald.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.