Ordskifte
Har almen ei framtid?
Planta alm ved gamle Skansen fort i Tromsø.
Foto via Wikimedia Commons
Jakob Hustad stiller dette spørsmålet i artikkelen «Gyllen dronning» i Dag og Tid nr. 3. Men han syner til at arten er sterkt truga på den norske raudlista. Hadde det ikkje vore verre, kunne vi nok ha teke det med ro.
I 1936 oppdaga onkelen min, Martin O. Skåret, ein einsleg alm 775 meter over havet i fjellet Fregn i austre Trysil. Martin var skogsarbeidar og amatørbotanikar, og han registrerte seinare fleire sjeldne artar i fjellet. I 1958 tok han eit belegg av planten og sende det til Botanisk museum med eit brev der han fortalde at almen no var nærast ein busk, cirka 3 meter høg, medan han 22 år tidlegare hadde berre éi stamme. Eit snøras hadde knekt stamma halvannan meter over bakken eit par år seinare, men nye skot hadde no sprunge ut, skreiv Martin.
40 år seinare kom Anders Often for å treffe Martin og skreiv ein artikkel om almen i Fregn i det botaniske tidsskriftet Blyttia (nr. 2 2004).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.