Havørn og sjøfugl
Havørn med fisk over Fløan ved Løfsnes i Flatanger.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
«Det er nyttig med kontrollerte eksperiment gjennomført over lang tid på mange stader.»
Mange lekfolk seier å ha sett at havørn jagar opp ulike sjøfuglarter frå reira, og at ramn, stormåsar og havørn fråtsar i ungar og egg (leiaren i Dag og Tid 16. august). Fuglespesialistar og havørnkunnige som Alv Ottar Folkestad (Dag og Tid 23. august) grunngjev godt at havørna berre et fisk og åtsel og aldri medverkar til sjøfuglnedgang. Årsaka til bestandsnedgangane til sjøfuglar er alltid mangel på artane dei skulle fôra kjuklingane med.
Samstundes er det underleg at sjøfuglar som hekkar i byar utan havørn, finn mat til sine ungar, medan fuglar i nærliggjande fuglekoloniar med havørn ikkje finn mat til sine.
Naturen er mangslungen, og det er ofte vanskeleg å vita samanhengar, noko som er sant i ein periode ein stad, treng ikkje vera sant same staden i eit anna tidsrom eller ein annan stad. Difor er det nyttig med kontrollerte eksperiment gjennomført over lang tid på mange stader. Ein kunne, basert på fuglekunnskap og lokal tru på at havørna er årsaka, finna fire hekkeområde for raudlista sjøfugl og etter loddtrekking fella alle havørnane (ikkje raudlista) ein klarte i to av dei og hatt dei andre områda som kontrollområde. Etter fem eller ti år kunne ein byta fellings- og kontrollområde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.