Dersom ein ikkje trur at mennesket er skapt i Guds bilete, kan det ikkje finnast noko menneskeverd, skriv Eivor Andersen Oftestad i ein artikkel om kristendomen i vikingtida (Dag og Tid 21. juni). For «miskunn og nestekjærleik vart utleidd av eit spesifikt syn på mennesket, nemleg at menneska – dei du utøver miskunn mot – er Guds bilete, lik Kristus sjølv. Nestekjærleik var ikkje ei naturleg haldning i kulturen, slik til dømes slaveri og trælevesen hadde vore».
Ein slik påstand er i strid med all seriøs forsking. Det var heller ikkje sånn dei tenkte, dei kristne sagaskrivarane som på tolvhundretalet samla opp minnet om den heidenske kulturen før det blei utradert av katolsk propaganda. Så vidt dei kjende til, hadde folk vore minst like flinke til å ta vare på einannan før trusskiftet.
Då ein flokk med kristne immigrantar nådde fram til Grønland ein hustren haustkveld kring år tusen, fekk dei mat og husrom hos ein heidensk bonde som dei verken kjende eller var i slekt med, endå avlinga hadde svikta det året, og ressursane var endå knappare enn elles.
Eirik Raude, den rause og trygge landsfaderen der i traktene, var òg heidning og blei av den grunn kasta ut or ektesenga av den kristne kona si. Endå så krenkjande det var for han, tok han det med aller største tolmod, og prøvde å løysa konflikten med å fara til Vinland, som sonen Leiv nettopp hadde oppdaga. På vegen ned til skipet datt han av hesten og slo seg stygt. Då angra han på at han hadde stukke unna eit skrin med gull og sølv før han drog, og sende bod til kona om kor ho kunne finna det. Likevel tok han det ikkje som eit hint frå ovan at vinden bles han austover i staden for vestover, og det berre var med nauda han nådde tilbake til Grønland før vinteren sette inn. Men han tok mannskapet med seg heim og gav dei full pensjon fram til våren.
Under slike leveforhold veks solidariteten fram nesten heilt av seg sjølv. Når Leiv Eiriksson blei kalla Leiv den hepne, den heldige, var det både fordi han hadde oppdaga Vinland, og fordi han lukkast i å berga eit skipsmannskap som låg og dreiv på eit vrak. Han var òg den som innførte kristendomen på Grønland, etter oppdrag frå kong Olav Tryggvason i Noreg, som sende med han ein prest og nokre lærarar ein gong han var innom. Det meinte Eirik Raude var ei så stor samfunnsulukke at det oppvog den velgjerninga det var å berga dei forliste frå å drukna.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.