Ordskifte

Historiene vi ikkje snakkar om

Publisert

Sør-Sudan

Verdsbileta og sjølvbileta som har dominert norsk politikk dei siste tiåra, er sentral samtidshistorie. Å tenkje gjennom dei er også nødvendig for å kunne forstå eit stadig meir uoversiktleg geopolitisk landskap. Norske tenkemåter – tekster 2016–2024 er eit bidrag til denne læringsprosessen. Boka belyser kvifor Noreg har gått på fleire store utanrikspolitiske nederlag dei siste åra, og – ikkje minst – kvifor dette ikkje er eit offentleg tema.

Korleis ein skal forstå og snakke om desse nederlaga, og kor viktig det er å ha ei uavhengig ikkje-politisert forsking om denne overordna politikken, var utgangspunktet for ein serie av innlegg mot meg av Anders Breidlid og Jarle Simensen i Dag og Tid.

Saka var: Noreg og Nato tapte mot Taliban etter over ti års krig for nasjonsbygging i Afghanistan. Bombinga av Libya, som skulle fremje demokrati og menneskerettar, enda med eit øydelagt land. Noreg og den såkalla troikaens politikk for fred i Sudan og bygginga av eit sjølvstendig Sør-Sudan lukkast ikkje; det bidrog heller til ein afrikansk tragedie. Både Sudan og Sør-Sudan blir no rivne i stykke av borgarkrigar, svoltkatastrofar og korrupsjon. Kanskje lettare å forstå for nordmenn: Desse to vakre, fascinerande landa ligg no absolutt på botnen globalt når det gjeld utanlandske turistar. Til Sudan kom det i 2023 seks personar utanfrå. Det er det minst besøkte landet i verda. Sør-Sudan ligg på sjetteplass frå botnen, og Libya på femte. (Aftenposten 9. januar)

Det er desse historiene vi ikkje så raskt bør gløyme om nordmenn vil forstå verda betre, og kanskje også korleis omverda ser på oss. Det nye eg gjer i boka, er å fremje ein felles, overgripande analyse av mektige tenkemåtar som må med for å forklare desse nederlaga.

Kortversjonen dreiar seg om det eg kallar vestleg og norsk hybris: ein djup idéhistorisk tradisjon med overdriven tru på eiga evne og makt til å forme utviklinga i andre land, og ei internalisert historieoppfatning som tenderer til å neglisjere at folk med andre meiningar enn ein sjølv har, faktisk søkjer å realisere dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement