Hognestad og Aarflot som portalar i nyare norsk teologi

Publisert

I ein grundig artikkel i Dag og Tid (9. juni) set Rune Slagstad opp Andreas Aarflot og Helge Hognestad som «to viktige søyler» i nyare norsk kyrkjeliv. Teksten hans er illustrert med ei teikning der dei to teologane sit på same trinn i ei kyrkjetrapp, biskopen med Melanchthon i den eine handa og Hognestads bok om den «kirkeskapte virkelighet» i den andre. Teksten frå klassisk lutherdom veg tydeleg mest for Aarflot.

Hognestad blir teikna som opprørsprest med usikkert blikk. Teikninga gir til og med skotøyet teologisk tyding. Aarflot har blankpussa svarte sko. Hognestad har utgåtte brune. Skoa hans er dessutan altfor store! Hognestads sko kjem nok nærast Jesu sandalar i Matteus 3. Gjennom tekst og bilete blir dei to teologane framstilt som motsetningar. Den eine med kyrkjeleg makt, den andre utan.

Men etter å ha lese artikkelen er eg viss på at eg ikkje ville vere dei forutan. Som medlem av Den norske kyrkja treng eg begge to. Eg har fleire gangar høyrt Aarflot som ein framifrå forelesar på seminar om kyrkjehistorie. Boka hans om Hans Nielsen Hauges kristendomsforståing (1969) står på ein stø plass i hylla mi. Men det gjer også Hognestads bøker, Forkynnelse til oppbrudd (1978) og En kirke for folket (1982), begge utstyrte med ein tittel som i alle fall ville ha trigga haugianske lesarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement