Hognestads teknologiske betyding
I Dag og Tid nr. 23 publiserte Rune Slagstad eit essay som har utgangspunkt i mi bok om Sosiologi, teologi og Helge Hognestads doktoravhandling. Men Slagstads interesse er vidare enn «det lange 70-talet». Han ser etter Hognestads betyding for folkekyrkja og set biskopen og kapellanen fram som to viktige posisjonar for kyrkja mot slutten av 1900-talet.
Eg vil gjerne kommentere nokre trekk.
Først kan eg takke for ros, for kritikk, for korrigeringar, for utviding av perspektivet – eg nikkar og tek det til meg, i større eller mindre grad. Det er slik det skal vere. Ei bok er aldri fullstendig eller fullkomen. Mottaket skal korrigere og utvide, det gjer Slagstad.
Ei utviding han føreslår, er å bruke Troeltschs kategoriar sekt, kyrkje, og «den åndelege» der erfaringsteologien held til. Det ville utan tvil tilføre drøftinga av Hognestads teologi og posisjon nyansar. Eg måtte då spørje om biskopen representerte ein sekterisk tendens i kyrkja (konsensusteologi?) og kapellanen var eksponent for ein utvidande erfaringsteologi meir fristilt frå kyrkjeinstitusjonen. Og ja, biskopen ville representere kyrkjeinstitusjonen med sine læresetningar, NB! slik dei vart forvalta i kyrkja sitt symbolunivers i gjeldande tidsrom. Den var då kjerne-luthersk, som Slagstad siterer. Og Hognestad vil stå for utvidinga, oppbrotet, overskridinga, med relevans utanfor ‘den kirkeskapte virkelighet’, noko sosialetikken og politisk teologi dreiv på med på same tid, og skapingsteologien til opponenten Gustaf Wingren.
Begge desse figurane er det bruk for – den samlande og den oppbrotsvillige. Då er det nødvendig med ekklesiologi, eit syn på kyrkja sin eigenart. Eg har brukt institusjonssosiologien som delperspektiv på kyrkja. Alle større kyrkjesamfunn må nødvendigvis ha institusjonelle trekk. I Det nye testamentet er der ein metafor for kyrkja: ein kropp med mange lemmer (1 Kor 12) – med andre ord uttrykk for einskap og mangfald.
Ein kyrkjeinstitusjon sin eigenart vil kome fram i det som institusjonen er rigga for. Der vil ein biskop få tildelt makt og ansvar også for det som bind saman, for einskapen, evangeliet om den ufortente nåden – og av same grunn også for mangfaldet. (Det var nettopp semje om evangeliet som grunngav det mangfaldige.) Der var lekmannsrørsla på linje med Luther: rettferdiggjering ved tru åleine set fri. Derimot fremja dei ikkje mangfald, heller uniformering. Uheldigvis møtte biskopen ein søkjar til ei prestestilling som avviste dette kjernepunktet som kandidaten var vigsla til. Då blir ikkje manglande frammøte ved innsetjinga først og fremst noko brutalt, men ein konsekvens av eit embetsansvar. Og Hognestad gav biskopen rett, men meinte at ordinasjonsløftet burde forandrast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.