«I dag får ikkje ME-pasientane rett behandling.»
Helsedirektoratet i Noreg tilrår same behandling for ME og kronisk utmatting.
Foto: NTB
Helsestyresmaktene i Storbritannia og USA skil mellom ME og kronisk utmatting. Dei tilrår ulik behandling av sjukdommane. Helsedirektoratet i Noreg tilrår framleis same behandling til begge grupper. Det skader ME-pasientar. No må vi få på plass rette retningslinjer som hjelper – og ikkje aukar – symptoma for alvorleg sjuke menneske.
Helsedirektoratets nasjonale rettleiar for CFS/ME frå 2014/15 er både utdatert og forvirrande, og han hevdar at kognitiv terapi og gradert trening har dokumentert effekt. Nav krev at pasientar med ME må prøve ut inntektsgivande aktivitetar før dei kan søkje om uføretrygd. Som Fafo har påvist, blir mange av ME-pasientane verre av krava Nav stiller. Etter to år venter vi framleis på at Helsedirektoratet skal revidere rettleiaren sin. I dag får ikkje ME-pasientane rett behandling.
Helsestyresmaktene i Storbritannia og USA seier at kardinalsymptomet på ME er at pasienten får verre symptom etter anstrengjande aktivitet (post-exertional malaise (PEM)). Dei åtvarar mot kognitiv terapi og gradert trening for ME-pasientar og peikar på at inga behandling kan dokumentere at pasientar med ME med PEM blir friske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.