Ikkje ein epidemi
Debatten om den eksplosive auken av autisme i Noreg held fortsatt fram.
Foto: Adobestock.com
VG, BA og Dag og Tid omtalar alle den eksplosive auken av autisme i Noreg, med særleg fokus på barn under fem år og jenter. Debatten har halde fram i Dag og Tid. Bakgrunnen er rapportar frå helseinstitusjonar om ekstreme ventelister på tilbod i spesialisthelsetenesta for autistar. Per Anders Todal skriv at den firedobla auken hos dei under fem ikkje åleine kan forklarast med at diagnosekriteria er utvida eller at vi er meir merksame, og at tilstanden deira er så alvorleg og synleg at barna ville blitt viste til utgreiing også for femten år sidan. Todal er i godt selskap når han i den pågåande debatten om autisme-auke ikkje viser til at førekomsten for autisme på verdsbasis ligg på 1–2 prosent, medan me her på berget ligg på 0,8 på ein god dag etter den eksplosive auken.
Forskarar spekulerer i årsaker til den «eksplosive» auken. På 60-talet hadde vi kjøleskapsmødrer å skulde på, på 90-talet var vaksinane syndaren, i Bergensavisen, som fører parallell debatt med same tematikk som i Dag og Tid, blir det no erklært at migrasjonsprosessar har skulda. Journalisten i Dag og Tid slår fast at innvandra foreldre har høgare andel autistiske barn enn det ein ser i heimlanda deira. Det blir ikkje snakka om at heimlanda mange av desse kjem frå, nesten ikkje har autistar, fordi dei ikkje blir diagnostiserte der. I Singapore har auka kompetanse og kunnskap om autisme ført til at fleire får riktig diagnose i dag, og fleire studiar viser at det er raskt aukande førekomst av autistar i afrikanske og asiatiske land, noko som kan tyde på at manglande kunnskap har vore ei hindring for riktig diagnose til rett tid tidlegare, på same måte som her i Noreg.
Den auka kunnskapen her har ført til at fleire autistiske barn blir fanga opp før dei må lide seg gjennom grunnskulen utan å bli sett og forstått. Ei gledelig nyheit blir vinkla som ein katastrofe i debattane i VG og Bergensavisen som går parallelt med den i Dag og Tid. Autistar blir framstilte som ei byrde kommunane ikkje vil lastast med, og auken av autisme blir framført som eit hjarteskjerande tragedienarrativ med overarbeidd helsepersonell som ikkje ser ut til å forstå at det ikkje er autisme som er problemet, men systemet dei er ein del av. Dersom ein brøkdel av midlane som blir utdelte innanfor autismefeltet, hadde gått til å undersøke korleis autistar fungerer og kva tilretteleggingar som må gjerast i samband med dette, hadde bildet sett heilt annleis ut – også for det lidande personellet.
Det blir løyvd midlar for å finne autismegenet, også her i Noreg. Ein motivasjon til dette er truleg å kunne tilby tidleg abort på autistar, slik ein har sett gjort mot andre marginaliserte grupper tidlegare. Det blir òg løyvd pengar på stamcelleterapi med vilt uetiske tilnærmingar fleire stader i Europa for å fjerne det autistiske i autistane, og for nokre år sidan vart det tilrådd å gi autistiske barn klor for å «roe dei ned». Det blir brukt millionar av skattepengane våre kvart år på utvikling og utarbeiding av skadelege program utan effekt som skal konvertere autistisk fungering til nevrotypisk. Alle felt har assosiasjonar mot eugenikken og eksperiment autistar vart utsette for under andre verdskrig, som blir forklart nærare i Nürnbergprosessen, som resulterte i Nürnbergkodeksen og Helsinkideklarasjonen for å verne utsette grupper mot uetisk forsking.
For mange autistar gir tematikken kjensla av at allistar reknar autisme som ein ny svartedaude som breier seg over landet, når det eigentleg handlar om at auken endrar seg i tråd med at ICD-11 gradvis blir implementert og praksisane endrar seg i takt med dette. Me blir omtalte som noko dysfunksjonelt og tingleggjorde. Me har styrkar, men dei blir gløymde. Språkvala blir opplevde som krenkande, og dei følgjer ikkje APAs retningslinjer når ein skal omtale marginaliserte grupper. Når de vil skrive om oss, ver så snill å gjere dette med verdigheit og respekt. Me er ikkje forstyrra, og bruken av fiktive skilje fører til ytterlegare stigma og objektivering.
Me har ikkje vorte fleire enn før, men fleire fagpersonar klarer å kjenne oss igjen enn tidlegare. Autistar som kjem etter oss, kjem forhåpentleg ikkje til å ha det like vanskeleg på skulen fordi dei ikkje passar inn. Merkelappar som «lat», «fjern», «rar» vil gå ut fordi autisten veit kva han er, og står trygt i seg sjølv og det å vere annleis. Autistane etter oss skal vere trygge i å vite at det ikkje er noko gale med dei, ikkje måtte kave seg gjennom samfunn som ikkje er bygde for dei, og tru at dei er «feil».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.