Israel og sionismen

«Hemn, død over arabarane», seier graffitien på denne veggen på Vestbreidda, der jødiske jordokkupantar skal ha vore på ferde for å rydda nytt rom for aggressiv sionisme.
«Hemn, død over arabarane», seier graffitien på denne veggen på Vestbreidda, der jødiske jordokkupantar skal ha vore på ferde for å rydda nytt rom for aggressiv sionisme.
Publisert

Debatten om Israel, sionismen og kva som er akseptabel kritikk, har blussa opp igjen, sist nå i dialogen mellom Morten Størksnes og Martin Krasnik i Dag og Tid. Kan ikkje «jødehatet skiljast frå den militante antisionismen», som Krasnik skriv 5. april?

«Antisionisme» er klart meir enn berre kritikk av Israel, det er kritikk av grunnlaget Israel er bygd på. Men problemet er at ordet «sionisme» vert brukt på så mange måtar at det er uklart kva ein er «anti». For nokon er sionisme berre tanken om ein jødisk heim, at jødane også skal ha ein sikker stad å vere, landet Israel. For andre er det måten Israel kom til på, og korleis staten er bygd opp i dag. Ein definisjon som er brukt, er at antisionisme er å nekte for at Israel er ein legitim stat.

Usemja kan likevel ligge i kvifor Israel er legitim. Nokre sionistar gir ein religiøs grunn, lovnaden i Bibelen, men vanligare er å bruke historia: Israel er heimlandet til jødane, det som dei vart drivne ut av under Romarriket. Derfor er det deira heim, og dei ikkje-jødiske palestinarane er dermed framandfolk. Dette er for mange kjernen i den sionistiske tanken og grunnlaget for at Israel eksisterer.

Men det fører ingenstad fram å bruke historia som argument. For palestinarane er det jo det same, dette er deira heimland som dei vart drivne ut av. Ny historie står mot gammal historie. Skal ein kome vidare, må ein bygge på det som er i dag, ikkje i antikken: Israel er ein legitim stat i dag, ikkje på grunn av historia, men fordi det eksisterer som ein nasjon i dag, og det gjer også palestinarane, ein nasjon spreidd utover mange land.

Problemet er at for mange sionistar er Israel meir enn det: Det er ein jødisk nasjon. Det bur mange ikkje-jødar i landet, «israelske arabarar». Dei har fulle statsrettar. Men Israel er ikkje deira land. Det vart slått fast i den nye nasjonslova i 2018, som seier at Israels sjølvråderett er «unik for det jødiske folket», og at det er det jødiske folkets «historiske heimland», altså at i 1948 hadde jødane full rett til å ta tilbake sitt land.

Lova var omstridd i Israel, men er for mange ein grunnplanke i sionismen. Det er også uttrykt i tilbakevendingslova som gir alle jødar verda over, men ingen andre (palestinarane), uavgrensa rett til innvandring.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement