Jødedommen i skolenReligionBjarte RundereimGolI Dag og Tid 18. mai kommenterer lektor Espen Tørset jødehatet i Europa og meiner at jødedomen bør vera den tredje religionen i RLE-faget i vidaregåande. Han grunngjev dette med at det er vanskeleg å ha forståi

Publisert

I Dag og Tid 18. mai kommenterer lektor Espen Tørset jødehatet i Europa og meiner at jødedomen bør vera den tredje religionen i RLE-faget i vidaregåande. Han grunngjev dette med at det er vanskeleg å ha forståing av korkje kristendomen eller islam utan at ein kjenner jødedomen, som er den første av desse monoteistiske religionane.

Som religionslærar må det vera lett å vera samd med Tørset. Samanhengen mellom desse religionane kan ikkje utelatast utan at det vert dugelege hol i både samanhengar og historikk.

Eg er meir uviss på om religionsundervisninga i vidaregåande er eigna til å minska eller glatta over det som var utgangspunktet, nemleg den veksande antisemittismen i Europa.

Eg tykkjer det er svært om å gjera å skilja mellom antisemittisme og antisionisme. Eg trur nemleg at det er antisionismen som er årsak til den veksande antisemittismen. Staten Israel har ikkje noko godt omdøme når det gjeld humanisme eller rasisme. Sioniststaten er tufta på eit rasistisk apartheidsystem der Israel i all framtid må sikra at jødar har folkefleirtal innanfor sine grenser. Ikkje alle er i stand til å sjå det positive i at 6 millionar jødar med atombombe skal kunna undertrykka like mange – etter måten – hjelpelause palestinarar. Gaza-demonstasjonane vi nyss har sett, understrekar den veksande motviljen i Europa. Men til og med blant israelske jødar finst det motstand mot denne handsaminga av palestinarane. Antisionismen kan nær på bli kalla ei humanistisk rørsle, slik nyheitsbiletet er i vårt samfunn.

Det er difor beklageleg at ein god del mindre reflekterte personar ser antisionismen som ei årsak til å ta ei antisemittisk haldning. Personleg er eg ikkje antisemitt, men eg tykkjer ikkje om staten Israels handsaming av palestinaproblemet. Dermed er eg antisionist.

I motsetnad til konservative kristne, som ser alt frå Hitler til den kalde krigen med Iran som bibelsk oppfylling av vegen mot Armageddon, der Israels folk skal gå sigrande ut og grunnleggja tusenårsriket sitt, så er eg til og med agnostikar, og eg er mildt sagt uviss på om dette vert gangen i komande tider.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement