Ordskifte I Sven G. Holtsmark
Kaj Skagen, Ukraina og Russland: når makt blir rett
Ei russisk stridsvogn skyt på ei bustadblokk og drep sivile i Mariupol i Ukraina i mars 2022.
Foto: Jevgenij Maloletka / AP / NTB
I svaret mitt til Kaj Skagens tekst « Eg er
dauden » (Dag og Tid 13. desember 2024) valde eg å konsentrera meg om det eg
oppfatta som Skagens hovudpoeng: at «alle», bortsett frå Skagen og Habermas,
ser ut til å ha gløymt kva ein atomkrig ville innebera. Difor ser ein vekk frå
moglegheita av at Russland faktisk kan gjera alvor av å bruka atomvåpen mot
Ukraina eller dei europeiske støttespelarane til landet.
Eg slo fast at dette ikkje stemmer: Om det
ikkje var for atomvåpena, ville Vestens politikk ha vore ein ganske annan heilt
sidan 2014. Skilnaden mellom desse «alle» og Skagen er at dei som sit med
ansvaret, har forstått at det å gi etter no for Russlands atomtrugsel, ikkje
løyser problemet: Om ein trugsel har fungert éin gong, er det nærliggjande å
tru at han vil fungera igjen.
Om Vesten gir etter for atomtrugselen,
ville me altså med sikkerheit kunne vita berre to ting:
1) Å trua med atomvåpen lønner seg, også
om motspelaren er den sterkaste militærmakta og militæralliansen i verda.
Lærdomen – ikkje berre for Russland, men også for dei andre atomvåpenstatane i
verda – er openberr. Det same gjeld for statar som i dag ikkje har atomvåpen,
men som har høve til å skaffa seg slike, og som kan tenkjast å skaffa seg
slike.
2) Utan våpenhjelpa ville ikkje Ukraina ha
klart å stå imot Russlands åtak. Det same gjeld i dag: Om hjelpa stoppar opp,
går Ukraina under.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.