Gradvis og systematisk søker Kina å styrke seg som verdsmakt. Oljemarknaden er ein arena der Kina aktivt utfordrar USA, ikkje utan hell. Det strategiske målet er neppe olje, men USAs finansielle handlefridom. I utgangspunktet har USA eit stort underskot på statsbudsjettet og i utanriksøkonomien, men eit overskot på energibalansen, medan Kina har eit overskot i utanriksøkonomien og eit underskot på energibalansen. USA løyser sitt finansielle underskot gjennom dollaren som internasjonal reservevaluta, Kina løyser sitt underskot på energi gjennom import og alliansar.
USA har i mange år kunna føre ein økonomisk politikk basert på underskot fordi den amerikanske dollaren er verdas valuta. Størstedelen av verdas olje og oljeprodukt blir prisa og handla i dollar. Kjøparar av olje må først kjøpe dollar, derfor har omsetning av olje verknad for omsetning av dollar. Bruken av dollar som reservevaluta føreset at USA har underskot i utanriksøkonomien for å sikre likviditeten i verdsøkonomien. Resultatet er større handlefridom for USA, som er mindre bunde av omsyn til budsjettbalanse og handelsbalanse enn andre land.
USAs privilegium blir oppfatta som urimeleg i mange land. Kinas svar er av særleg interesse. Kina er blitt verdas største kjøpar av olje og står no for ein femdel av importen frå verdsmarknaden. Kina er utsett for både oljeprisrisiko og valutarisiko, som andre kjøparar og seljarar av olje, unnateke USA, men Kina søker å gjere noko med saka. Kina ønsker prinsipielt å gjere sin valuta, yuan, til ein internasjonal valuta, Kina ønsker også å gjere opp oljeimporten i eigen valuta, yuan. Sidan 2018 opererer oljebørsen i Shanghai i yuan. Anslagsvis står yuan for 10–15 prosent av omsetninga i verdas oljemarknad. Ein del av prisdanninga skjer direkte i yuan, ein del ved omrekning frå dollar.
Sjølv med moderate volum kan oljebørsen i Shanghai varsle større endringar. Historisk har dollarens fotfeste i oljehandel bygd på ei forståing mellom USA og Saudi-Arabia. USAs sanksjoner, som mot Iran, Russland og Venezuela, undergrev dollarens internasjonale stilling og tvingar dei ramma landa til å finne andre løysingar for oppgjer. Fleire land, som Angola, Dei sameinte arabiske emirata, Irak, Iran og Russland, sel olje til Kina i yuan.
Seljarar av olje på børsen i Shanghai kan veksle yuan i annan valuta eller kjøpe gull. Dette kan vere Kinas initiativ til eit nytt betalingssystem basert på gull. Utvidinga av Brics er ein politisk gevinst for Kina. Inntil 2023 har Brics vore ei gruppering av Brasil, India, Kina, Russland og Sør-Afrika. No blir Brics supplert av Egypt, Etiopia, Dei sameinte arabiske emirata, Iran og Saudi-Arabia og kanskje Argentina. Mange land ønsker å bli med. Resultatet kan bli at Kina får sterkare stilling i Afrika, Asia og Latin-Amerika.
Det nye Brics blir meir mangfaldig og meir ueinsarta i økonomiske interesser, men dei har kanskje eit felles mål om å dempe USAs økonomiske makt og dollarens stilling, og eit ønske om eit forum for å drøfte saker av felles interesse, utan dei vestlege stormaktene. Kina har tvitydige interesser når det gjeld dollaren. For ein eksportør er ein sterk dollar gunstig. For ein konkurrerande politisk aktør er ein svak dollar nyttig. Saudi-Arabia må vege sine handelsinteresser i Kina mot sine investorinteresser i USA.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.