Kinas demografiske krise

Publisert

I 1960–70 åra var mange opptekne av overbefolkninga i verda, der ikkje minst Kina var i sentrum. Men nå har alt endra seg der. Ifylgje styresmaktene var fødselstalet i Kina 9,56 millionar siste året, medan dødstalet var 10,41 millionar. Det var første gongen dødstalet hadde vorte høgare enn fødselstalet sidan «det store spranget framover» i 1960-åra, der Mao Zedongs økonomiske eksperiment førte til hungersnaud som tok livet av 36 millionar.

Landet vil ikkje mangle folk på ei god stund, men på lang sikt er tala skremmande, og millionar av eldre vil nå møte fattigdom og ofte einsemd. I nordaustlege Kina finn ein alt i dag «spøkelsesbyar» med nesten berre gamle folk.

I 1978, da Deng Xiaopings økonomiske reformer vart sette i verk, var medianalderen i Kina 20,1 år, i 2021 var han auka til 37,9 år. Fertilitetsraten i Kina i dag er 1,18, men for å oppretthalde ein stabil populasjon må ein ha ein erstatningsrate på 2,1. I 2018 var det om lag 34 millionar fleire menn enn kvinner i Kina – eit utfall av eittbarnspolitikken med aukande abortar for jentefoster.

Færre og færre kinesarar har gifta seg dei siste åra. Saman med aukande skilsmisse har talet på inngåtte ekteskap gått radikalt ned, noko som sjølvsagt har ført til reduserte fødselstal – med tilsvarande aukande del eldre. Mange yngre menneske i Kina seier i dag at dei heller vil leve som ugifte ettersom det vert vanskelegare å finne arbeid. I tillegg kjem dei stigande prisane på mat og tenester. Mange par som gifter seg i Kina, ynskjer ikkje born og skuldar på aukande utgifter til utdanning og byrdene med å ta seg av eldre. Nokre ventar med å gifte seg og vel å leve saman utan bryllaup og born.

I sut for nedgangen i folkesetnaden har kinesiske styresmakter sett i verk ymse tiltak for å auke ekteskapsraten og fødselstalet. Først oppheva ein eittbarnspolitikken, som hadde verka i tre tiår, i 2016, og det vart lov med to born. I 2021 vart grensa sett til tre born. Styresmaktene har og lova betre svangerskapspermisjon for arbeidande mødrer. Enkelte stader har ein òg tilbydt ekstra fridagar for nyleg gifte par for å oppmode til familieliv. Men trass i slike endringar har ekteskapsratane falle sidan 2014.

Med nedgangen i folketalet, kopla saman med auka levealder, er landet i ei demografisk krise som vil ha konsekvensar ikkje berre for Kina, men for resten av verda. Nylege data frå Kina viser at den kinesiske økonomien hadde siste året eit av sine verste år etter 1976 da Mao døydde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement