Kinesisk økonomi og dei vanskelege prognosane

Blokkene til den kinesiske eigedomsutviklaren Evergrande i Beijing i 2022.
Blokkene til den kinesiske eigedomsutviklaren Evergrande i Beijing i 2022.
Publisert

Journalist Per Anders Todals artikkel om Kinas eigedomsmarknad (Dag og Tid 2. februar) skriv seg inn i ein velkjend sjanger som påstår at nedgang i ein del av økonomien ber bod om stagnasjon eller kollaps av økonomien i heilskap.

I fabelen om dei blindes skildring av elefanten kjenner éin på snabelen og meiner elefanten er som ein slange, ein annan kjenner på kroppen, og meiner elefanten er som ein vegg, ein tredje kjenner på øyret og meiner elefanten er som ei vifte.

Den kinesiske økonomien er som elefanten ­­­­– gigantisk og mangfaldig; det skal eit stort og avansert analytisk apparat til for å gje godt funderte prognosar. Så har då vestlege økonomar oftast teke feil om kinesisk økonomi: I 1990 skreiv The Economist at kinesisk økonomi har stoppa opp, i 1998 at veksten var langsam, fylgt av prognosar om «hard landing» og kommande bank- og finanskrise. Det siste er å framstilla den kinesiske økonomiveksten i 2023 på over 5 prosent, med minimal inflasjon, som «svak».

Eigedomsboble, fylgt av økonomisk krise, har i fleire år vore eit favorittema blant vestlege økonomar og journalistar, men etter mitt syn er det fleire grunnar til at nedgangen let venta på seg.

Kinas økonomi er både næringsmessig mangfaldig og geografisk distribuert: Tibet har betre 5G-dekning enn California. Gansuørkenen har store vindturbinparkar og eksperimentelle solkraftverk. Xinjiang, heimen til uigurane, har avansert industri og eit BNP per innbyggjar fleire gonger høgare enn land som grensar til regionen. Kina har 40.000 km med snøggtogjernbane og 180.000 km med motorvegar. Kina er leiande på særs mange industriområde, og har på kort tid blir verdas største eksportør av bilar. Meir enn 50 prosent av verdas elektriske køyretøy er i Kina. Landets middelklasse tel over 400 millionar. Landet er største handelspartnar til over 120 land og har 70 prosent større industriproduksjon enn USA. Kinas kjøpekraftjusterte brutto nasjonalprodukt er 25 prosent større enn USAs. Vestverda avindustrialiserer, Kina industrialiserer.

Kinesiske styresmakter har lenge vore klår over ubalansen i eigedomssektoren. Men i Kina eig over 90 prosent sin eigen bustad, og sjølv om mange er gjeldfrie, må ein slik ubalanse meistrast med varsemd og kløkt for å unngå uro.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement