Klåre omgrep trengst i den politiske debatten

Publisert

I det intervjuet journalist Morten Strøksnes hadde med Linn Herning, leiar i For Velferdsstaten, under tittelen «Ut og mate bendelorm» i Dag og Tid 15. september, vart det slumsa med omgrepa privatisering og konkurranseutsetjing og sett fram påstandar frå Herning om Høgre og Framstegspartiet som ikkje vart eller kan verte underbygde.

Slikt styrkjer ikkje debatten om velferdsstatens framtid, men verkar tvert om øydeleggjande. Strøksnes kallar mitt ynske om å få klarheit i dette for «rein skolastikk», kva no det tyder i denne saka. Men om eg skal forske på og forelese og formidle kunnskap om offentleg politikk og forvaltning på ein beint fram vitskapleg måte, må slike omgrep vere eintydige og ikkje til å misforstå.

Då er det ein klar skilnad på privatisering av offentlege tenester og at dei utsetjast for konkurranse. Det kan korkje Strøksnes eller Herning argumentere seg bort frå.

Sidan samtalen mellom Strøksnes og Herning handla om resultatet av kommunevalet, kan vi kanskje i denne samanheng støtte oss på bladet Kommunal Rapport og korleis Steen Arne Hansen heldt dei to omgrepa klårt frå kvarandre allereie for eit par tiår sidan:

«Konkurranseutsetting av en tjeneste betyr at en tjeneste som i dag utføres av kommunens egne ansatte, settes ut på offentlig anbud.

Målet med dette er å få utført tjenesten på rimeligste mulige måte, uten at kvaliteten skal bli dårligere enn den er i dag, heller tvert om. [...]

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement