Korleis vurderer økonomar om veginvesteringar er lønsame?ØkonomiOlav HaugeI ein omfattande og tilstrekkeleg djuptgåande artikkel i Dag og Tid 25. mai skriv Jon Hustad lettfatteleg om det kompliserte temaet om veginvesteringar her i landet er lønsame. Han n
Frå opningsseremonien for Eiksundsambandet 23. februar 2008.Frå opningsseremonien for Eiksundsambandet 23. februar 2008.
Foto: T. Müller/Wikimedia CommonsFoto: T. Müller/Wikimedia Commons
I ein omfattande og tilstrekkeleg djuptgåande artikkel i Dag og Tid 25. mai skriv Jon Hustad lettfatteleg om det kompliserte temaet om veginvesteringar her i landet er lønsame. Han nyttar Eiksundsambandet som eit gjennomgåande døme. På ein liketil måte får han fram elementa i ein slik økonomisk analyse. Kanskje viktigaste temaet er det han kallar skala, at veginvesteringa gjer det billegare og lettare for bedrifter å nå kundane sine. På same tid knyter det fleire arbeidsfolk tettare til det lokale næringslivet. Dette næringslivet kan henta arbeidskraft i ein utvida lokal arbeidsmarknad og få fleire dyktige og kreative sunnmøringar til å stikka hovuda tettare saman og skaffa næringslivet naudsynt og avansert kunnskap. Med den nye kunnskapen kan lokale leverandørar og entreprenørar tilby nye og kvalitativt betre delar, komponentar og annan innsats som ein del av produkta som blir omsette. Slik aukar verdien av produkta som blir laga, ikkje minst fordi kvaliteten er så mykje betre.
Bedriftene blir meir fleksible, dei kan snu seg raskt rundt og skreddarsy produkta kundane vil betala for. Ein dag kan verfta på Sunnmøre byggja ein svært avansert fritidsbåt eller to til fleire hundre millionar kroner til ein milliardær på andre sida av jorda. Neste dag byggjer dei tre–fire hurtigrutefartøy til norske kundar.
To tema fekk Jon Hustad sikkert ikkje plass til. Det eine er å byggja ein ny motorveg frå Asker til Oslo sentrum, der vegnettet alt er overfylt. Folk køyrer i ein tettpakka kø: Å byggja meir veg skaper berre større kø, noko vi har visst i 50 år. I American Economic Association Volume 101 i 2011 publiserte to forskarar ein studie av veginvesteringar i storbyområde i USA over tre tiår. Dei finn at med fleire vegar går farten ned og køane veks. Som økonomar veit vi då at om vi nyttar 40 milliardar kroner på ein ny veg, vil køen vekse og endå fleire kaste vekk endå meir tid i kø. Jon Hustad har heilt rett i at desse er ulønsame.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.