Kraft- og industriløft for Finnmark
Equinors anlegg på Melkøya utanfor Hammerfest.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Melkøya
Morten A. Strøksnes skriv i Dag og Tid 11. august at regjeringa sine energiplanar i Finnmark ikkje let seg gjennomføre. Eg er ikkje eining i konklusjonen hans, og eg vil gjerne argumentere for kvifor. Strøksnes peikar på ein del interessante perspektiv og sentrale dilemma i nordområdepolitikken. Hovudpoenget hans er at regjeringa enten må snu heilt om i urfolkspolitikken, eller at vi kan gløyme å skape ny energi som skal erstatte den krafta som går til Melkøya. Det er ein litt for enkel anten-eller-tankegang, og eg meiner vi må klare å ha to tankar i hovudet samtidig.
Urfolksretten skal liggje som eit fundament, samtidig som vi legg til rette for klimavenleg industri, verdiskaping og utvikling i Nord-Noreg. Det er viktig for arbeidsplassar og busetnad i dei nordlegaste fylka våre.
Manglande nettkapasitet og ein anstrengt kraftsituasjon er i dag ei av dei største hindringane for vekst og utvikling i Finnmark, og det var aldri aktuelt for regjeringa å godkjenne elektrifiseringa av Melkøya utan samtidig å lansere ein plan for betydeleg utbygging av kraftproduksjon og nett. Målet med denne planen er å få på plass meir kraft enn det som trengst på Melkøya, slik at kraftsituasjonen i fylket blir betre enn i dag. Elektrifisering av Melkøya vil bidra til å kutte norske klimagassutslepp med 850.000 tonn i året. Dette gjer prosjektet til det største enkeltståande klimatiltaket i Noreg. Om vi skal nå måla i Parisavtalen er det viktig at alle land bidrar.
Eg er sikker på at vi kan lukkast med å finne løysingar som gjer at utvikling av kraftproduksjon og nett i Finnmark kan skje i sameksistens med reindrifta og samisk kultur. Utbygginga av meir kraft og nytt nett skal ikkje gå ut over menneskerettane, og omsynet til reindrifta er eit av dei viktigaste momenta ved handsaminga av saker som handlar om arealbruk i nord.
For å få løyve til utbygging må prosjekta vere innafor artikkel 27 i konvensjonen om sivile og politiske rettar, og det må takast omsyn til reindrifta i alle fasar av eit prosjekt. Dei siste 10–15 åra er det gitt avslag på ei rekkje vindkraftsøknader i samiske område. I tillegg blir gitte konsesjonar jamleg utfordra rettsleg, og det er berre i Fosensaka at det har blitt konkludert med at konsesjonsvedtaka inneber eit brot på menneskerettane, fordi utbygginga vil ha vesentleg negativ effekt på reindrifta si moglegheit til å dyrke sin kultur. Statnett har nyleg vore gjennom bygging av nær 50 mil med kraftlinjer på strekninga Ofoten–Balsfjord–Skaidi og har i den prosessen fått god erfaring med bygging i reindriftsområde. Dette er erfaring som vil kome godt med i dei prosessane me skal gjennom i tida framover.
Er dette enkelt? Nei. Er det konfliktfylt? Ja. Svaret kan likevel ikkje vere at vi aldri kan drive utvikling i Finnmark. Som grunnlag for vidare utvikling må også Finnmark få eit sterkare kraftsystem. For å halde oppe busetjinga i nord er det ein føresetnad at folk har trygge og varierte arbeidsplassar. Og for å leggje grunnlaget for nye arbeidsplassar er det behov for å styrkje kraftforsyninga og den grunnleggjande infrastrukturen.
Finnmark er større enn nabolandet vårt Danmark, og det er ikkje snakk om at heile Finnmark skal dekkast av nye vindkraftanlegg. Men det kan vere aktuelt i enkelte kommunar, der det er lokal aksept for det, og der konsekvensane for reindrifta og samisk kultur er nøye vurderte. I den konkrete saka om bygging av ny kraftlinje mellom Skaidi og Hammerfest har det vore konsultasjonar med Sametinget om konsesjonssøknaden, i tillegg til at sakskomplekset har vore tema for eit politisk møte mellom Olje- og energidepartementet og Sametinget. Forholdet til reindrifta har blitt grundig vurdert i saksbehandlinga.
I tillegg har regjeringa varsla at vi i løpet av hausten skal leggje fram nye tiltak for å avgrense arealkonfliktane med reindrifta i samband med utbygging av straumnett og ny kraftproduksjon.
Mi vurdering er at det er realistisk å auke kraftproduksjonen i Finnmark minst like mykje som den planlagde forbruksauken ved Hammerfest LNG innan 2030. Vi skal byggje landet for framtida, og vi skal samtidig ta godt vare på reindrifta, kystfisket og landbruket. Her er det sterke motsetningar og ulike omsyn å ta, men vi skal ha ein politikk som er heilskapleg, og som balanserer omsyna på ein god måte.
Eg seier ikkje at det vert enkelt, men eg skal gjere mitt for at det lèt seg gjere.
Terje Aasland (Ap) er olje- og energiminister.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.