Krasnik og eg
Foto: Hatem Khaled / NTB
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.
Weekendavisens redaktør Martin Krasnik svarte sist veke på mitt svar til han («Alt dette var framleis ikkje nødvendig»). Som førre gong hoppar han over min konkrete kritikk mot hans påstandar eller analysar om Noreg, Israel, antisemittisme, Gaza og historia.
Uansett kan dei som følger debatten, sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg. Eg meiner Israels brutale okkupasjon og kolonisering er den heilt avgjerande premissen for konflikten. Alle folk som hadde blitt behandla på denne måten, ville gjort motstand. På dette punktet har Krasnik rett når han kallar meg «skråsikker».
Krasnik har ei anna innstilling. Han er nærmast eit levande leksikon, ein omreisande grossist, i proisraelske retoriske strategiar. Når han observerer Midtausten, ser han berre «komplikasjonar».
Dette er velkjente tonar blant såkalla «israelsvenner». Alt er så frykteleg komplisert at ein berre må slå oppgitt ut med hendene. Offer og overgriparar, okkupant og okkupert blir ganske jamstilte. Alle har litt feil og litt rett.
Eg trur alt ville vore mykje mindre «komplisert» for Krasnik om det var israelske sivilistar som blei utsette for alle dei typar grov vald som Israel stadig påfører palestinarane, inkludert massedrap og apartheid, og der millionar no manglar mat og vatn.
I den retoriske tradisjonen Krasnik knyter seg til, er det gjerne slik at Israel alltid blir tvinga til å vere så valdelege, noko som ofte blir framstilt som ein tragedie – for Israel. Så langt går rett nok ikkje Krasnik. Men han ser formildande omstende overalt. Og jo fleire slike han kjem på, jo meir nyansert synest han sjølv at han er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.