I 1940 som i 2022 vart venstresida endra av krig. I eit okkupert Noreg gjekk Nordahl Grieg i krigsdiktet «Øya i Ishavet» (1942) til åtak på haldningar i utopistiske «Til ungdommen» (1936). Kor medviten kritikken av diktet var, syner eg i saka «Krig endra Grieg» (13. januar).
Kristoffer Jul-Larsen, som meiner at krig ikkje endra Grieg, protesterer i to innlegg (27. januar og 10. februar) mot samanhengen eg syner mellom dei to dikta.
Likskapen og samanhengen er openberr, line for line, intertekstuelt, i taktform og strofeform. Jul-Larsen, som meiner det er tilfeldig, skriv: «strofeform (halvparten av Grieg sine dikt er i denne forma)».
Utsegna er ikkje berre feil, men meiningslaus òg. Mangfaldet i dei strofe- og taktformene Grieg nytta, peikar jo berre endå sterkare på samanhengen mellom nett dei to nemnde dikta.
Båe dikta nyttar ei uvanleg taktform, såkalla serenaderytme: TUNG-lett-lett-TUNG-lett-TUNG. «HER er ditt VERN mot VOLD» (i «Til ungdommen») og «MØRK står en ØY av HAV» (i «Øya i Ishavet»).
Mindre uvanleg er ikkje strofeforma, som på grunn av ein liten skilnad er høvesvis nr. 401 og nr. 431 i Hallvard Lies Norsk verslære (1967). Lie kan visa til særs få dikt i denne spesielle strofeforma.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.