Krisa mellom Russland og Ukraina – «Cuba-krisa» i reprise?

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Spenninga på grensa Russland–Ukraina har stige monaleg dei siste månadene etter at Russland har auka talet på soldatar og militært materiell – til det no står ca. 100 000 soldatar i det høgspente grenseområdet, der USA spelar på lag med Ukraina

Nato og USA ser eit klårt konfliktpotensiale i det som skjer. For det første gir sjølve styrkeoppbygginga frå russisk side grunn til uro. Kva for planar har Putin med desse kampklare soldatane? Dernest kjem det faktumet at Russland krev juridisk bindande garantiar mot at Ukraina skal bli tatt opp som medlem i Nato. For Russland er det og eit stort problem at landområde som tidlegare tilhøyrde Sovjetunionen, er blitt sjølvstendige land, som no er tilslutta Nato.

Som del av kontrakten med dei nye medlemslanda, har Nato dessutan bygt ut forsvarssystema sine ­– og utplassert militært personell i dei tidlegare sovjetisk kontrollerte områda. Resultatet er at Russland føler seg innringa av Nato som dei meiner på ein måte tar seg til rette i den russiske interessesfæren. For 60 år sidan var det USA som nekta å godta det då Sovjet etablerte rakettbasar på Cuba, i USA sitt interesseområde. Heller ikkje Russland vil i dag finna seg i ein slik nærleik frå ein fiende si side. Som del av dette spelet ser ein også at Ukraina nok kan tenkja seg å koma inn under Nato-paraplyen, noko Russland altså på ingen måte vil godta. Dette faktumet aukar spenninga både i det aktuelle grenseområdet generelt og faren for eskalering mot ein større militær konflikt. Derfor er det også dei siste dagane sett i gang eit hektisk diplomati, m.a. med samtalar mellom Russland og USA. Ingen av partane har så langt vilja fira, og USA avviser at Russland skal definera tryggleiks- og alliansepolitikken til eit suverent land, det vera seg Ukraina, Finland eller Sverige.

Her kan det sjå ut til at USA har gløymt den skilsetjande situasjonen som oppstod i 1962 i USAs bakgard: nemleg Cuba-krisa. Då var det Sovjetunionen som tok seg til rette i den amerikanske hemisfæren ved å anleggja basar for mellomdistanse- og langdistanserakettar på Cuba, våpen som kunne brukast til åtak direkte på Washington D.C. Alt i 1961 hadde Sovjet begynt å utplassera rakettar på den Castro-styrte øya ikkje så mange mil frå Florida. Ganske snart blei det tydeleg for den amerikanske leiinga at dette var så trugande for tryggleiken til USA at dei ikkje kunne akseptera det og vurderte ulike opsjonar for å setja ein stoppar for denne aktiviteten. Så maktpåliggjande var det for USA å få stansa rakettprogrammet, at president John F. Kennedy 24. oktober 1962 sette verdsfreden inn på å blokkera all skipstrafikk til Cuba, og å krevja demontering av rakettane som alt var på plass. Dette språket skjønte Sovjet-leiinga, og 28. oktober erklærte Sovjetunionen at rakettanlegga skulle demonterast og fjernast. Ca. 14 dagar seinare blei så den USA-initierte blokaden oppheva.

Så kan ein spørja: Skjønar NATO og USA at vi i dagens situasjon igjen står overfor ein konflikt som kan minna om Cuba-konflikten, berre med motsett forteikn? Vil USA og NATO sjå at det dei har drive på med – og driv på med – i dei tidlegare sovjetiske landområda – med utplassering av våpen, militært materiell og mannskap tett inn på Russland, ja, i den russiske hemisfæren så å seia, at det er ein klår parallell til Sovjet sitt tidlegare engasjement på Cuba? Ser dei at når Putin ikkje godtar dette, så er det nøyaktig det same som Kennedy gjorde i 1962 – å motsetja seg sterk militær innblanding i eige interesseområde? Dei har i alle fall hittil ikkje vist noko teikn til å erkjenna at dei no sjølv spelar same rolle som Sovjet gjorde på dørterskelen til USA for 60 år sidan, og er derfor avskorne frå å ta konsekvensen av ein eventuell slik innsikt, t.d. ved å setja i verk ei viss nedrusting i dei tidlegare sovjetiske interesseområda. Gjorde dei det, ville truleg mykje vera oppnådd for redusera den alvorlege spenninga mellom partane, slik det faktisk skjedde då Nikita Khrusjtsjov beordra demontering av krigsmateriell på Cuba.