Krona og euroen

Krona har svekt seg dei siste åra, og prisstigninga er enno urovekkande høg.
Krona har svekt seg dei siste åra, og prisstigninga er enno urovekkande høg.

Bør krona ha ein fast kurs mot euroen? Dette er eit tema som kjem opp no og då.

Publisert

Noreg har i to periodar freista å ha ein fast valutakurs mot det som før var EFs fastkurssamarbeid. Ved båe høve måtte vi gje opp kursmålet på grunn av ei avvikande økonomisk utvikling og manglande vilje til å gjere justeringar innanfor samarbeidets rammer.

Etter at Bretton Woods-systemet braut saman i 1971–73, valde EF-landa å fortsette eit allereie etablert fastkurssamarbeid. Noko anna ville forstyrre fellesmarknadsambisjonane. Vesttyske mark blei kurssamarbeidet sin ankervaluta. Sjølv om det norske folk sa nei til EF, blei Noreg med i kurssamarbeidet frå hausten 1972.

I det norske styringsverket fanst det to litt ulike syn på kurspolitikken, syn som vi litt forenkla kan plassere hos Finansdepartementet og Utanriksdepartementet.

I fyrstnemnde var ein opptekne av å halde verkemidla i den økonomiske politikken på nasjonalt nivå, medan i sistnemnde var ein meir tilbøyelege til å lyfte visse styringsområde opp på fellesmarknadsnivå. I Noregs Bank fanst desse to syna høvesvis hjå visesentralbanksjef Hermod Skånland og sentralbanksjef Knut Getz Wold.

Norsk økonomisk politikk på 1970-talet var inga suksesshistorie. Saman med blant anna dyre lønnsoppgjer og ein mislukka næringspolitikk fekk vi ei etter kvart uønskt styrking av kronekursen, sidan vi hadde fastkurs mot det som var blitt ein hardvaluta, vesttyske mark. Denne utviklinga synleggjorde etter kvart konflikten mellom dei to omtala leirane. Han blei òg synleg på toppen av Noregs Bank.

Etter over to år med krangling sigra Finansdepartementet, krona forlét EF sitt kurssamarbeid i 1978 og gjekk over til ein fast kurs mot ei større «korg» av valutaene til handelspartnarane våre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement