Kua og konspirasjonsteoriane

Publisert

Eg les alltid Frå matfatet og er stort sett alltid einig i det Siri Helle skriv. Men den siste artikkelen om kua og konspirasjonsteoriane overraska meg. Her må eg seia meg sterkt ueinig.

For det første er det ikkje dei som er kritiske til bruken av metanhemmarar, som angrip kua. Om nokon angrip kua, er det heller dei som vil skipla den naturlege omdanningsprosessen i kua si vom. Eg ser på dei som er skeptiske og kritiske til bruken av metanhemmarar, som kua sine venner.

Helle bagatelliserer prosessen med metanhemming og samanliknar den med andre tilskot. Det meiner eg er heilt feil. Dette er ein prosess som hemmar den naturlege omdanninga av grovfor i det sinnrike magesystemet til drøvtyggjarar. Det tykkjer eg er alvorleg, og god nok grunn til å vera skeptisk.

Sjølv har eg mange tiår bak meg som fruktdyrkar, og eg har sett kjemiske middel koma og gå. Dei aller fleste blir marknadsførte som ufarlege og uskadelege, men blir alle som ein fjerna frå lista over godkjende middel etter nokre år. Dei var visst ikkje så ufarlege likevel.

Konsekvensen er at me har lagt om til økologisk fruktdyrking på bruket vårt. Der brukar me middel som me veit er uskadelege, og eksperimenterer ikkje med naturen med ukjende kjemiske stoff.

Jordbruket står for 4,5 prosent av klimautsleppa her i landet, ifølgje 2023-tal frå Miljødirektoratet og SSB. Det er med andre ord rikelege alternativ for reduksjon av klimagassar før me i det heile tenkjer på å endra naturlege prosessar hjå dyr.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement