Ordskifte
Kulturminne og krig
Christiane Jordheim Larsens reportasje 3. januar 2025 om kunstkriminalitet legg særlig vekt på plyndring av kulturminne i krigssituasjonar. Men Israels systematiske øydelegging og plyndring av palestinske kulturverdiar under den aktuelle Gaza-krigen er ikkje nemnt med eitt ord.
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Den israelske vandaliseringa er godt dokumentert. Israelske soldatar poserer på eigne selfies framfor brennande bibliotekbøker. Den franske kvalitetsavisa Le Monde rapporterte om den palestinske forretningsmannen og kunstsamlaren Jawdat Khoudary. Etter at israelske militære har øydelagt og plyndra museet han hadde bygt opp, kommenterer han: «Desse øydeleggingane er ikkje konsekvensen av ein krig, men konsekvensen av ein vilje til å øydelegge alt.»
Stolne kulturskattar frå Gaza blir stilte ut som trofé i det israelske forsvarsdepartementet, seier same reportasje i Le Monde.
Den systematiske øydelegginga er dokumentert av Unesco og fleire andre instansar.