Kunne Vesten ha handla på anna vis?
I siste utgåva av Dag og Tid har Hallvard Hegna eit innlegg der han spør om ikkje også Vesten har noko av ansvaret for den krigen som no går føre seg i Ukraina. Hadde Vesten og Nato teke meir omsyn til dei tryggingspolitiske interessene til Russland, hadde denne krigen kanskje aldri kome i stand, meiner Hegna, om eg tolkar han rett.
Hegna skal ha ros for at han held eit viktig spørsmål varmt. Ikkje minst for Nato – som skal vera ein allianse av demokratiske statar – er det viktig alltid å hausta lærdom av den nære fortida, og ikkje minst av den pågåande krigen. Europa er sjølve opphavsstaden for demokratiet, men så er stoda den at den største staten på dette kontinentet – Russland – aldri har vore demokratisk og neppe blir det på generasjonar. Spørsmålet Hegna tek opp, handlar – slik eg ser det – om korleis eit demokratisk Europa har takla eit udemokratisk Russland, og korleis me skal leva med det same Russland i tiåra som kjem.
Det som er klart, er at ingen i Vesten har sysla med planar om å øydeleggja eller til og med stykka opp den russiske staten, slik Putin fleire gonger har hevda at me har. Fordi Vesten stadig har dette på dagsordenen, var det naudsynt for Russland å angripa Ukraina, for slik å rydda av vegen ein trojansk hest innanfor den austslaviske folkefamilien, hevda Putin. Krigen mot Ukraina var difor eit reint førekjøpsåtak, altså eit åtak for å avverja eit anna åtak, påstår den russiske leiinga.
Problemet me som europearar blir stilte overfor i denne russiske argumentasjonen, er at ein imperialistisk tenkjemåte ligg i botnen. Regimet til Vladimir Putin meiner at Russland skal ha rett til å diktera eller i det minste å ha eit veto over utanrikspolitikken til dei eks-sovjetiske statane. At Russland hadde hatt eit slikt veto, hadde kanskje vore det beste for freden på det europeiske kontinentet. Russarane hadde då hatt ei sone der dei bestemte, akkurat slik det var i sovjetperioden. Problemet er at mange i den tidlegare Sovjetunionen ikkje vil leva i ei slik sone. Folket i Belarus vil det ikkje, og heller ikkje folket i Ukraina eller i Georgia. Då må me i Vesten finna ut kva for side me står på: på Putin-regimets side eller på folkets side?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.