Kva om ein ikkje kan vinna krigen?
Ukrainsk stridsvogn under eit russisk åtak på Sumy-regionen, august 2024.
Foto: Viacheslav Ratynskyi / Reuters / NTB
«USA og Nato er i høg grad medverkande til både å ha starta og å halda i gang konflikten.»
Den ulykksalige Ukraina-krigen, offisielt berre mellom Russland og Ukraina, held fram, og me ser ingen ende på han.
I Noreg dominerer med få unntak den forteljinga at Russland uprovosert gjekk til åtak på det mykje mindre grannelandet i vest. Både presse og politikarar (til og med partiet Raudt) godtek denne vinklinga. Stadig er det snakk om å «vinna» krigen mot Russland – men kva dei legg i omgrepet siger eller tap, er det få som vil presisera, og minst av alt forsvarsministeren.
Eg deler ikkje synet at dette er ein konflikt berre mellom Russland og Ukraina. USA og Nato er i høg grad medverkande til både å ha starta og å halda i gang konflikten.
Lat meg nå likevel i dei neste fem minutta godta premissen om at russarane utan grunn gjekk laus på det demokratiske Ukraina. Kva så?
Krigen held fram, og både soldatar og sivile vert drepne kvar einaste dag.
Kan Ukraina, med bortimot uavgrensa våpenhjelp frå vest, vinna tilbake Krim og dei andre områda i aust? Svaret på det må bli nei. Russland, som for to år sidan verka lite førebudde på angrepskrig, har nå fått erfaring, og våpensmiene går for fullt. Økonomiske sanksjonar ser heller ikkje ut til å bita på landet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.