Kva skal vi med humanistane?
Studentar på lesesal ved Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Kjeldekritikk er motgifta mot konspirasjonsteoriar, politisk manipulasjon og løgn.
På Humanistisk fakultet ved Universitetet i Oslo går det rundt 6000 studentar. Med høge studielån og utan eit klart yrke i sekken skal dei etter kvart ut og søkje seg arbeid. For kva i all verda skal dei drive med – og ikkje minst leve av?
Dei færraste humanistar endar jo opp som forskarar på eit universitet, sjølv om mange lærarar har utdanning i humaniorafaga. Så kva skal samfunnet med alle dei andre humanistane? Vi har då nok av folk her i landet med lange utdanningar som ikkje kvalifiserer til eit yrke?
Humaniora handlar om menneskevitskapar og åndsvitskapar. Det er bra ord. Vi må framsnakke dei meir! Spørsmålet er kvifor.
Eit menneske
Den amerikanske forfattaren Marilynne Robinson er inne på nokre svar i si siste bok. Den har den glitrande tittelen Kva gjer vi her?. Robinson er oppteken av å gå til kjeldene og til historia for å møte samtida. Ho set ord på kva ho meiner eit menneske er – og kva vi driv med i livet. Ein gjennomgåande tråd er opplevinga av at amerikanarane er djupt splitta og polarisert. Ho legg skulda på den intellektuelle kulturen i USA. I forordet til essaysamlinga skriv ho at vi lèt ideologi overta for det å tenkje. Robinson har ei religiøs overbygning, men det er heldigvis ikkje berre dei truande som treng å tenkje.
Som Kaja Schjerven Mollerin skreiv i si omtale av Robinson i Aftenposten: Vi har mista eit moralsk vokabular som vi i dag kunne hatt god bruk for: sjel, von, tru, nåde og sanning. Marilynne Robinson skriv med andre ord om menneskevitskapar og åndsvitskapar. Kva gjer vi her? er ei hylling av humaniora.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.