«Kva slags motiv hadde Emin for å støype ein salbar skulptur i bronse i tre utgåver under konkurransen?»

«Moren» utanfor Munchmuseet.
«Moren» utanfor Munchmuseet.
Publisert

Kulturetatens innlegg i Dag og Tid 11. oktober i år speglar ein godt gjennomført internasjonal kunstkonkurranse. Men skildringa stemmer ikkje med mine funn, og dei har vore mange, overraskande og urovekkjande.

Eit hovudspørsmål er: Kan ein kunstnar – ein av sju handplukka – delta med noko som er laga frå før, utan å opplysa om det? Ifylgje Ole Slyngstadli, fungerande leiar ved avdeling kunst i Kulturetaten, og Lily Vikki, prosjektleiar i Oslo kommunes kunstsamling, er det uproblematisk. Grunngjevinga er «pågåande prosess».

Harry Weller, Tracey Emins assistent, seier eksplisitt at den opphavlege modellen vart laga i 2017. Då er det oppsiktvekkjande at Emin daterer gipsmodellen ho leverer juryen «2018».

Korleis hadde juryen reagert om modellen hadde vore korrekt datert «2017»? Måtte dei ha avvist verket, som verken var nytt eller utvikla for staden? Om ikkje anna, så av omsyn til dei seks andre kunstnarane? Men av di Emin daterte modellen «2018» og tagde, var juryen i god tru.

I konkurranseåret 2018 gjentar mønsteret seg: Emin teier om støypinga av «Moren» i tre meter i bronse i London. Avsløringa kjem først fire månader etter at vinnaren vart kåra.

Juryleiar Andrea Schlieker uttrykkjer vantru. «Are you sure this story is true? I can’t believe it.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement