Kva slags universitet treng me?

Studentar ved Universitetet i Bergen.
Studentar ved Universitetet i Bergen.
Publisert

Kvifor er norske langrennslauparar i verdsklasse? Fordi me berre har eit fåtal vidaregåande skular kor du kan ta langrenn på toppnivå som valfag? Eller er det motsett: Ikkje berre har me i Noreg eit vel utbygd samfunn av friviljuge organisasjonar kor du kan dyrke all slags idrettar, me har òg ei rekkje vidaregåande skular kor du nettopp kan kombinere til dømes ski og skule.

De skjønar truleg alt no kva eg vil fram til: Spørsmålet er ikkje kor mange universitet me har plass til i Noreg, men kva slags universitet me ynskjer.

Eg har arbeidd i universitets- og høgskulesektoren i meir enn 35 år og vore tilsett ved Universitetet i Agder, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og Universitetet i Søraust-Noreg – kor eg no held til. Og jamvel har eg vore vikar eit år ved NTNU òg. I tillegg har eg vore gjesteforelesar ved høgskular høgt og lavt, dei mest minnerike i Molde og Volda.

Alle desse lærestadane har hatt sine særeigenheiter og for meg representert eit mangfald me treng i eit ope og demokratisk samfunn. Ikkje minst innan mitt eige fag, statsvitskap. Dessutan har eg møtt mykje flinke folk på desse lærestadane.

Det gjorde eg òg då eg byrja å studere ved det som eingong var ein distriktshøgskule i Bø, men som no høyrer til mitt eige universitet. Eg tok historie mellomfag der med fire framifrå professorar.

Korleis dei var hamna i Bø, veit eg ikkje, for ingen av dei kom derifrå. Men professorata ved dei etablerte universiteta var vel den gongen som no okkupert av folk på livstid. Så om me ikkje opprettar nye høgskular og universitet når samfunnet utviklar seg demografisk og i høve til ny kunnskap og kompetanse, kor skal flinke folk som dei professorane eg hadde den gongen, ta vegen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement