EU
Kva Vedum bruker kreftene til
Trygve Slagsvold Vedum (Sp) presenterer planen til Senterpartiet om å ta tilbake nasjonal kontroll over straumpolitikken, 12. februar i år.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Etter sviktande oppslutning om Senterpartiet overraskar det ingen at Trygve Slagsvold Vedum prøver å komme på offensiven igjen no i starten av valåret. Det kjem heller ikkje som lyn frå klar himmel at EU- og EØS-spørsmål tener rolla som verktøy.
Mens verda slik vi kjenner henne, knakar skjebnesvangert i samanføyingane, valde altså ein av våre fremste folkevalde – landets finansminister – å bruke demokratiets krefter på regjeringskrise over energieffektivisering i offentlege bygg.
Dette besynderlege særnorske dramaet speglar Senterpartiets fanatiske EU- og EØS-motstand. Den verkelege Peer Gynt trer frem: Vi er oss sjølve nok. Uansett!
No blei vel ikkje opphissinga over nokre minutt med ekstreme straumprisar i haust den vinnarsaka Senterpartiet hadde håpa på, og den gjentakande klagesongen lyder litt hol sett i lys av president Trumps og Elon Musks stadige påfunn.
Som Vedums nestleiar påstod i Aftenposten i april i fjor, held han no fast ved at norsk sikkerheit kviler på Nato og ikkje på EU. I desse dagar skulle nok mange gjerne ha delt hans tiltru til det transatlantiske samarbeidet, men det blir stadig vanskelegare.
I realiteten har USA alt skapt så stor usikkerheit rundt kva omsorg dei har for Europa, at akademikarar og kommentatorar på begge sider av Atlanterhavet har begynt å trekke Nato-samarbeidet i tvil. Og det er meir enn nok. Det finst ikkje eit eige Nato-politi som leier avvikande amerikanske presidentar på rett veg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.