Ordskifte I Krig
Kvar er flagga for Jemen?
Jemen er igjen under åtak. USA slepper bombe over Sanaa. Bildet er tatt 20. mars 2025.
Foto: Khaled Abdullah / Reuters / NTB
Folk er opprørte og rasande over dødstala på Gaza. Så mykje død og liding vekkjer medkjensle og engasjement. Men om dødstala er det som tel, er det mykje som ikkje stemmer. Kall det kognitiv dissonans. Eller selektiv fordømming.
La oss sjå på nokre fleire tal som òg burde telje. Borgarkrigen i Jemen: 400.000 døde. Eller Syria: 600.000 døde. Det er ikkje til å fatte. Kvar er flagga for Jemen? Kvar var teltleirane for Syria? Høyrer vi om massakrane som går føre seg no, etter Assads fall? Kven held rekneskap med offera?
Eller ta andre krigar i Midtausten, som i Libanon: 150.000 døde. Og Libya: 30.000 døde. Kva med Afghanistan og Irak: rundt 180.000 og 300.000 døde? Dei reelle tala er truleg mykje høgare. Kvar var mitt engasjement då? Jihadistar, opprørarar, regjeringsstyrkar, minoritetar. Det blir for komplisert. Det finst ingen enkel kolonialistisk formel å plassere desse krigane i. Men det finst ein dobbel standard for moralsk indignasjon.
At norske styrkar bidrog til krigshandlingar i Afghanistan og sleppte nærare 600 bomber over Libya, var visst innanfor krigens reglar og folkeretten, ifølgje staten. Og kyrkja. Og tonegjevande medium. Sivile vart råka og drepne, om enn tala er omstridde.
Det er vanskeleg å ta inn over seg dødstala som følgjer av krig. Og då har vi ikkje eingong byrja på Afrika. Berre for å nemne nokre døme:
· Sudan: 150.000 døde
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.