Kvifor vart etterforskinga stoppa?

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

«Det jeg lurer på er om en frykt for å legge seg ut med fremmede makter kan ha medvirket. (…) Jeg lurer på om det foregikk noe som ikke engang jeg som politimester skulle vite om.»

Etter han vart pensjonist ordla Willy Haugli seg slik i eit intervju. Han døydde i 2009. Haugli var politimeister i Oslo da ein ukjend drapsmann i 1993 nesten klarte å drepe forlagssjef William Nygaard. 28 år etterpå er Hauglis ord igjen aktuelle.

NRK-journalist Odd Isungset har enda ein gong sett svikten i denne politietterforskinga på den offentlege dagsordenen. Hanne Kristin Rohde som i dag er forfattar, hadde ei leiarstilling i Oslo-politiet i 2009. Ho svara da på mediespørsmål om ein hemmeleg, men kritisk Kripos-rapport. I eit intervju med Isungset seier ho i 2021: «Jeg ble bedt om å si at vi hadde gjort alt som ble foreslått i rapporten. (…) Jeg ble forledet til å snakke usant om politiets oppfølging av rapporten. (…) Jeg fikk et inntrykk av at det var noen som helst ønsket at det som stod der ikke ble omtalt.» Anstein Gjengedal var politimeister da.

Willy Haugli som var politimeister i 1993 må ha visst at kollegaer i tysk politi stod under politisk press i ei liknande drapssak. Fire iransk-kurdiske eksilpolitikarar vart likviderte på restaurant Mykonos i Berlin 17. september 1992, eit år før attentatet mot Nygaard. Tidleg i etterforskinga sa den politiske leiinga i Bonn ifrå at det var ønskjeleg med ein upolitisk tiltale utan å nemne Iran. Helmut Kohl (CDU) var forbundskanslar da. Daverande riksadvokat Alexander von Stahl skreiv likevel ei tiltalevedtak der han sette tydelege ord på den statsterroristiske bakgrunnen for drapa.

Irans etterretningsminister Fallahain kom til Bonn tre veker før rettssaka skulle starte. Han bad den tyske kollegaen sin, Bernd Schmidbauer, stoppe saka. Den føderale høgsteretten (Bundesgerichtshof) vedtok i staden arrestordre mot etterretningsminister Fallahain. Han var sterkt mistenkt for å ha bestilt likvideringane på Mykonos. Uavhengig av dette vart den same Fallahain i 1994 tiltalt for ein terroraksjon som kosta 85 menneskeliv i eit jødisk senter i Buenos Aires.

Mykonos-dommen frå Kammerretten kom 10. april 1997. Süddeutsche Zeitung oppsummerte slik: «Mykonosdommen vil gå inn ikke bare i tysk rettshistorie. For første gang har en høyere domstol klart og tydelig holdt det sittende regimet i et annet land ansvarlig i en drapssak.» Dei fleste EU-landa kalla straks heim ambassadørane frå Iran.

Mindre enn eit år etter oppstyret rundt denne dommen arresterte Oslo-politiet «Ali», som var mistenkt for medverking før drapsforsøket mot Nygaard. Fire månader før drapsforsøket hadde «Ali» kjøpt eit våpen av den sjeldne typen som vart brukt mot Nygaard. «Ali» hadde og reist til Iran rett etter attentatet. Pågripinga i mars 1998 var klarert på høgaste hald.

Kjell Magne Bondevik var statsminister da. Vi bør stille oss spørsmålet om dei diplomatiske forviklingane etter Mykonos-dommen i Tyskland kan på påverka regjeringa. Prøvde nokon i eller nær regjeringa å styre etterforskinga utanom Iran, slik den tyske regjeringa prøvde før det vart tatt ut tiltale for Mykonos-drapa?

Ved årsskiftet 2019/2020 intervjua eg fleire politifolk om Nygaard-saka – blant anna nokre av etterforskarane i saka i 1998. Dei stadfesta at daverande kriminalsjef Roger Andresen greip inn nokre timar etter at «Ali» vart arrestert. Han tok seg til rette og ga ordre om å sette han fri. Og han stoppa etterforskinga.

Fleire politifolk har sagt til meg at dei ikkje kan tenkje seg at kriminalsjefen hadde gjort noko slikt utan ein ordre frå overordna.

Ingelin Killengreen var i 1998 ein erfaren politileiar: Først konsulent, så byråsjef, ekspedisjonssjef og til slutt departementsråd i Justisdepartementet. Frå 1995 var ho politimeister i Oslo.

Politimeister Killengreen reagerte merkeleg da ho fekk vite at kriminalsjefen hadde sett den mistenkte på frifot og at etterforskinga var stoppa:

– Ho varsla ikkje Spesialenheten for politisaker, som den gongen heitte SEFO.

– Ho ga ikkje ordre om å gjenoppta etterforskinga.

Vi bør krevje svar på i alle fall to spørsmål: Handla kriminalsjef Andresen 28. mars 1998 på sitt eige frie initiativ da han sleppte fri den mistenkte? Handla den erfarne politimeisteren i Oslo utan påverking utafrå, da ho beskytta kriminalsjefen mot straffereaksjon heilt til eventuelle lovbrot var forelda?

Eit regjeringsoppnemnd utval oppsummerte i 2017 at forholdet mellom politi, påtalemakt og politikarar framleis var slik det hadde vori: «Påtalemyndighetens uavhengighet står i dag sterkere enn noen gang. Hovedbegrunnelsen er et klart ønske i det norske samfunn om at det ikke skal foretas eller unnlates straffeforfølgning mot noen borger ut fra politiske hensyn.» (NOU 2017: 5 En påtalemyndighet for fremtiden).

Spørsmålet er om regjeringa braut dette prinsippet i Nygaard-saka. Verken dei som var i regjering i 1998 eller seinare regjeringar har tilsynelatande gjort noko for å få alle fakta på bordet. Derfor bør Stortinget opprette ein uavhengig granskingskommisjon. Med det samrøystes vedtaket frå 1994 om å opprette Lund-kommisjon, har Stortinget sjølv vist korleis det kan gjerast.