Kvifor vil så få verte lærar?
I teksten «Gleda over lærargjerninga» i førre utgåve av Dag og Tid syner Bjørn Nicolaysen lesarane den lukka ein lærar kan oppleve i møtet med elevar på veg mot innsikt og forståing. Når ein les teksten, byrjar ein å undre seg over kvifor så få søker seg til læraryrket. Nicolaysen hevdar: «Lukkeleg er den som kan skape kveik for læring.» Ja, kvifor søker så få den utdanninga der ein kan finne denne lukka?
Her er eit døme frå kvardagen på grasrota: Ein naturfaglærar har inspeksjon/tilsyn i storefri. Hen kjem litt seint ut, fordi hen må finne kleda i garderobeskapet og hente matpakka på arbeidsrommet. Med matpakka i handa skal hen hindre snøballkrig – eller vasskrig, trøyste eleven som har fått snø, eller vatn, i auget og snakke med hen som står åleine i ein krok.
I timen etter storefri skal læraren ha eit forsøk med bruk av mykje forskjellig utstyr som no står i skapa. Den matpakka hen åt ute blant elevane, ville hen heller ha ete på naturfagrommet! Då kunne utstyret vore på plass på borda, og timen vorte så mykje betre – og mykje mindre stressande.
Slike døme finst det mange av. Slike døme har vi alle vore vitne til, fordi læraryrket er det yrket dei fleste av oss har hatt mest kontakt med. Eit skuleår er 190 dagar. Alle her i landet har ti av desse skuleåra – dei fleste har fleire enn ti. Kor mange timar har vi alle vore i eit klasserom saman med ein lærar? Berre i tiande klasse har vi hatt om lag 900 skuletimar medan ein eller annan lærar har vore saman med oss.
Kva for røynsle har vi frå skuletida? Alle har vi treft dei gode – og dei mindre gode lærarane. Dei fleste har vel møtt den fantastiske tusenkunstnaren, men òg den rotete sinnataggen. Røynsla er samansett.
Mange har prøvd å forklare kvifor så få søker lærarutdanninga (om lag 20 prosent nedgang frå i fjor). Ei av forklaringane er sjølvsagt løn. Ei anna forklaring er all rapportering og oppgåvene som skal vere uoverkommelege. Dei komande studentane har fått med seg krava til streikande lærarar, og dei har kanskje lese om ferske lærarar som gir opp etter få år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.