Lærebøker svekker nynorsken
Dei nye lærebøkene i norskfaget ignorerer sentrale mål i Kunnskapsløftet. Det går ut over opplæringa i nynorsk.
Med nye læreplanar følgjer nye lærebøker. Denne våren skal mange skolar velje den læreboka som vi trur er den beste for elevane våre. Lærebok er viktig. Sjølv om det finst eit mangfald av gode digitale undervisningsopplegg, oppgåver og tekstar der ute, er det naudsynt å ha ei felles bok i klasserommet. Nettressursar er også bra, men dei vil berre bli eit supplement til den fysiske boka. Heldigvis er det mange gode lærebøker å velje mellom. Alle store forlag kastar seg inn i kampen for å selje: Vel boka vår!
Ja, dei nye lærebøkene for norskfaget ser ved første gjennomlesing fine ut. Intertekst frå Fagbokforlaget, Grip teksten frå Aschehoug, Appell frå Gyldendal, Moment frå Cappelen Damm. Bøkene har ulike innfallsvinklar, men er ordentleg på alle vis. Nokre kapittel er på nynorsk og nokre på bokmål. Eit lite tekstutval på svensk og dansk er i tråd med LK20. Hurra for det.
Dessverre blir det som er bra med lærebøkene overskygd av ei stor synd: Tekstutvalet på nynorsk er for dårleg. Ja, nynorsktekstar er nesten fråverande i enkelte av verka. Spesielt gjeld det sakprosatekstar. Det står i kontrast til dei fagre orda i læreplanen om at elevane i løpet av 13 års utdanning skal møte eit rikt utval av tekstar på bokmål og nynorsk.
I kompetansemåla i den nye læreplanen i norsk på småtrinna på skolen les vi fine ord om korleis elevane våre skal bli kjende med skriftkulturen i både bokmål og nynorsk. Dette er ein raud tråd gjennom heile utdanningsløpet. Eit av måla for norskopplæringa i sisteåret på studieførebuande fag er at elevane skal «analysere og tolke romaner, noveller, drama, lyrikk og sakprosa på bokmål og nynorsk fra 1850 til i dag og reflektere over tekstene i lys av den kulturhistoriske konteksten og egen samtid». Da er det rart at elevane møter tekstsamlingar der det nesten ikkje finst tekstar på nynorsk. Eit døme er Gyldendal og Appell:
- Appell, Vg1 SF: av 48 skjønnlitterære samtidstekstar er 6 på nynorsk, av 21 sakprosatekstar er 1 på nynorsk. Legg vi saman dette, er 7 av 69 tekstar på nynorsk!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.