Losnegård har rett

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I Dag og Tid nr. 7 spurde eg Gaute Losnegård om nærmare belegg for ein påstand han kjem med i biografien sin over Torolv Solheim (Reisa til Moskva, Selja forlag 2021), om at Solheim våren 1940 var på line med dei kapitulasjonistiske og ukonstitusjonelle illusjonane som leiinga i Noregs Kommunistiske Parti på same tid hadde om den nazi-tyske okkupasjonsmakta.

Det hadde eg ikkje gjort, og heller ikkje trunge å plage lesarane av Dag og Tid med, dersom eg ikkje i farten, heilt utillateleg og i tråd med det Losnegård peikar på i svaret sitt i nr. 8 av avisa, hadde oversett den tilvisinga Losnegård på side 39 i biografien gjer til artikkelen «Oppgaver og retningslinjer». Solheim skreiv artikkelen som redaktør i det kommunistiske universitetstidsskriftet Kringsjå nr. 4/1940, medan kampane mellom okkupantane og norske styrkar framleis var i gang.

Eg har no fått tilsend ein kopi av Kringsjå-artikkelen frå dei alltid velvillige hjelparane i Nasjonalbiblioteket, og må berre stadfeste at den gir god kjeldedekning for Losnegårds vurderingar. I artikkelen skreiv Solheim at oppgåva for kommunistane no først og fremst var å hindre at krigsbyrda blei velta over på dei breie laga av folket, og at dette også ville vere mogeleg fordi okkupasjonsmakta var interessert i å halde ro og orden i dei besette områda. Men da måtte Administrasjonsrådet endre samansetjing og støtte seg på tradisjonane til arbeidar- og bondeklassa, og arbeidarklassa måtte stå fast på sine elementære krav mot det forsøket borgarskapet gjorde på å bruke okkupasjonen som eit påskot til å gå til åtak på levevilkåra.

Alt dette var i pakt med NKP-leiinga si kapitulasjonslinje, men ikkje nødvendigvis med det «verste» utslaget av denne linja, utspelet frå partileiinga 10. mai om at Nygaardsvold-regjeringa ikkje lenger måtte sjåast som landets lovlege regjering, men erstattast av eit breiare administrasjonsråd. Såleis var artikkelen til Solheim ikkje «verre» enn Administrasjonsrådet med sine appellar om å halde ro og orden i dei besette områda, og slett ikkje, som Losnegård sjølv seier, enn dei norske riksrådsforhandlarane sommaren 1940.

Og, som Losnegård også skriv, Solheim tok sitt monn igjen i aktiv illegal motstandskamp resten av okkupasjonen. Dermed slutta han seg til oddingen Harald Slåttelid, som straks reagerte på kapitulasjonslinja til NKP-leiinga med å seie at han etter i mange år å ha kjempa imot fascismen i andre land, ikkje kunne la vere å halde fram med å kjempe imot fascismen når han kom til Noreg.