Lovas lange arm vert lengre
Den syrisk-amerikanske bistandsarbeidaren Leyla Shweikani blei torturert og drepen i eit fengsel på flybasen Mezzah i Damaskus i 2016.
Vil Donald Trump bruke presidentembetet til å stille krigsforbrytarar frå andre land for retten i USA, har han no høve til det.
Krigsbrotsverk
Lova er endeleg på plass, og USAs justisdepartement har alt teke ut tiltale mot to syriske offiserar. Lova og tiltalen representerer eit steg fram for krigens folkerett og bringar USA nærmare europeiske land på dette punktet.
Lang liste
Amerikanske styresmakter byrja etterforske Jamil Hassan og ein underordna, Abdul Salam Mahmoud, alt i 2016. Tiltalen vart offentleggjord like etter at Bashir al-Assad sat på flyet til Moskva. Dei to dreiv eit berykta fengsel på flybasen Mezzah utanfor Damaskus, der blant andre syrisk-amerikanske Leyla Shweikani vart torturert og drepen. Shweikani var opphavleg frå Chicago og arbeidde for ein humanitær bistandsorganisasjon då ho vart teken.
Shweikanis skjebne utløyste omfattande etterforsking frå dei amerikanske påtalemaktene si side. Den endelege tiltalen dekkjer overgrep som skjedde i fengselet i nesten åtte år, frå 1. januar 2012 til midten av 2019. Offera var amerikanarar, syrarar og personar med dobbel nasjonalitet. Ingen er namngjevne.
Kva som hende i fengselet, er skildra over tre lange, hjarteskjerande sider. Alle velkjende former for tortur vart tekne i bruk, og torturen skal ha vore systematisk. Hassan og Mahmoud er skulda for «samansverjing» til tortur – altså handlingar som var planlagde og organiserte over tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.