Lukas og Josefus
Foto via Wikimedia Commons
Takk til Kjartan Myklebust for dei kloke og kritiske spørsmåla han stiller (26. januar 2024) kring teksten «Ei mørkare joleforteljing» (22. desember 2023), der eg samanlikna det evangelisten Lukas og historikaren Josefus skriv om folketeljinga under Kvirinius og tida fram mot den fyrste jødisk-romerske krigen i åra 66–73. I teksten legg eg til grunn at «den fjerde rørsla» hjå Josefus, den minst fredsæle av dei jødiske rørslene han omtalar, har mykje sams med tidlegkristne rørsler. Det finn Myklebust diskutabelt, med rette, for det veit me ikkje. Å argumentera for ein slik likskap ville ha teke all plassen, så det lèt eg vere. Ein del forsking, mellom anna nytta i frigjeringsteologien, peikar på ein slik likskap.
Var «den fjerde rørsla» hjå Josefus ei tidleg utgåve av Johannes- og Jesus-rørsla?
For no å byrja med det Myklebust og eg er samde om: Når tekstane til Lukas og Josefus finn si form kring hundreårsskiftet, vert «den fjerde rørsla» framstilt som fredsæl, ho òg, både av Josefus og av Lukas, slik ho i all tid sidan har vore framstilt, i hovudsak, som fredsæl.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.