Siri Helle i Dag og Tid vil gjerne at kvalfangsten skal vere både berekraftig, bra for miljøet og human. I spalta «Frå matfatet» 23. juni 2023 gjer ho eit forsøk på å komme fram til ein slik konklusjon, men eg kan ikkje sjå at det lukkast særleg godt. Difor nokre kommentarar til ein del av synspunkta som kjem fram i spalta
Det er ikkje slik at jegeren eller slaktaren er så usikker på kva tid eit dyr er dødt. Viss ein er usikker på det, skal ein vere korkje jeger eller slaktar.
Når det gjeld kvalfangsten, veit ein mykje om dette. Ein veit at det kan gå ein halv time frå harpunen har treft dyret til det er dødt. Det er eit faktum at ingen andre dyr, ville dyr eller husdyr, systematisk blir utsette for slike avlivingsmetodar. Skadeskytingsprosenten i norsk kvalfangst er høg. Sjølv om dei som driv slik fangst får god opplæring, blir éin av fem kvalar skadeskoten.
Helle spør så om dette kan vere så inhumant. Svaret på det er eit absolutt ja, det er inhumant. Ein kan ikkje hevde, slik som kronikkforfattaren, at fordi kvalen har levd eit fritt liv, i motsetnad til mange husdyr, må han finne seg i ein langdryg og smertefull dødsprosess.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.