Må ta omsyn til våre medskapningar
Siri Helle svarar i Dag og Tid 7. juli 2023 på min kritikk av hennar framstilling av kvalfangst. Det er heilt greitt, men også denne gongen blir det nokre feil og mistydingar.
Som nybakt jeger skal ho vite at å skyte hjort på 180 meters avstand ikkje er forsvarleg. Forsvarleg skyteavstand er rekna til 100 meter, kanskje litt meir om hjorten står heilt i ro. Det viktigaste for ein jeger er å avlive dyret med det første skotet. Risikoen for skadeskyting aukar drastisk når avstanden blir større.
Når Helle skriv at vi bedøver først og avlivar etterpå, har ho misforstått dette. Ein bedøver ikkje eit dyr med ei ekspanderande kule i hjarteregionen, heller ikkje med ei kule i hovudet. Har du skadeskote eit dyr, er det ditt ansvar å finne årsaka til skadeskytinga. Det er neppe geværet sin feil. Dessverre er det kvar haust altfor mange uskikka jegerar som legg ut i skog og mark med skytevåpen. Likevel ser eg ikkje heilt kva dette har med kvalfangst å gjere.
Helle syner til Havforskingsinstituttet sine undersøkingar og hevdar at berre 0,37 prosent av kvalane vart skadeskotne, medan 92 prosent døydde momentant. Dette stemmer heller ikkje. Det rette er at ca. 80 prosent døydde momentant. Det vil seie at 20 prosent ikkje gjorde det. Ein av fem kvalar vart såleis skadeskoten, ifølgje denne undersøkinga. Når ein også veit at det som vart definert som «momentant», dreiar seg om fleire minutt, kan ein trygt seie at skadeskytinga er endå større. I alle andre samanhengar ville ein ikkje ha tillate slike avlivingsmetodar.
Mange har stilt spørsmål ved Havforskingsinstituttet sin rapport om kvalfangsten og dei som står bak den. Dyrevernorganisasjonen Noah kallar rapporten for uetterretteleg fangstreklame frå Havforskingsinstituttet. Det er ein dårleg attest for eit institutt som elles blir rekna for å ha ein høg fagleg standard.
IWC, EU og mange veterinærar og biologar frå heile verda prøver å stoppe kvalfangsten av dyrevernomsyn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.