Makta rår framleis i Arbeidarpartiet

Jonas Gahr Støre og Ingvild Kjerkol.
Jonas Gahr Støre og Ingvild Kjerkol.

Måten statsminister Jonas Gahr Støre handterer dei moglege plagiatsakene , indikerer at den machiavellianske maktpolitikken framleis dominerer på Statsministerens kontor.

Publisert

I desse dagar kan vi følgje med på den populære TV-serien Makta på statskanalen NRK, som heilt fram til 2001 berre rekrutterte kringkastingssjefar som hadde (Arbeidar)partiboka i orden. Gjennom serien får vi tydelege illustrasjonar på korleis Arbeidarpartiet har lange og tunge tradisjonar for machiavelliansk nettverksbygging og maktpolitikk, ikkje minst når det kjem til utpeiking av personar til politiske verv og posisjonar (jf. Rune Slagstads melding av serien i Dag og Tid 12. januar, s. 8–9).

Måten statsminister Jonas Gahr Støre i dei same dagane handterer dei moglege plagiatsakene for den no avgåtte statsråden Borch (Sp) og den framleis sitjande statsråden Kjerkol (Ap) på, indikerer at den machiavellianske maktpolitikken framleis dominerer på Statsministerens kontor (SMK). Dette er for så vidt ikkje overraskande all den tid Støre har gått i lære hos Gro og andre tidlegare Ap-toppar som er sentrale rollefigurar i Makta, men det er ikkje dess mindre lite tillitvekkande.

Vi ser nemleg korleis Støre kastar statsrådar som ikkje er så viktige for han eller Partiet, medan han skjermar statsrådar som han og Partiet treng i posisjon, sjølv om dei aktuelle statsrådane har gjort om lag dei same tillitsbrota. Rett nok var Borch (Sp) oppriktig og modig nok til å sjølv trekkje seg som statsråd etter avsløringane om såkalla tekstlikskap utan kjeldetilvising i den no ti år gamle masteroppgåva hennar, men Støre var raskt ute og sa det var rett av henne å trekkje seg, fordi ho gjorde ein feil som «er uforenlig med hennes rolle som minister for høyere utdanning og forskning» (Dagbladet, 20. januar).

Då det kom liknande avsløringar om den berre to år gamle masteroppgåva til Kjerkol, kom derimot Kjerkol raskt på banen med ein forsvarstale som ho stendig har måtta endra på etter kvart som det blir avdekt stendig større omfang av tekstlikskap utan kjeldetilvising i oppgåva hennar, medan Støre på si side uttalar at «alle i min regjering har min tillit» (NRK Debatten, 23. januar). Samstundes skyv han Nord universitet framføre seg ved å peike på at Kjerkol har krav på det same rettsvernet som andre studentar. Naturlegvis har ho krav på rettsvern som student, og derfor er det Nord universitet som må vurdere om tekstlikskapane i masteroppgåva til Kjerkol skal bli rekna som akademisk plagiat og fusk eller ikkje.

Derimot må statsministeren gjere ei sjølvstendig vurdering av om Kjerkol har tillit som statsråd, all den tid ho ikkje er oppriktig og modig nok til å sjølv ta sin hatt og gå. Når praktisk tala alle professorar som har lese og uttala seg om oppgåva til Kjerkol, er klinkande klare på at oppgåva inneheld omfattande tekstlikskap med andre vitskaplege publikasjonar utan å referere til desse, og dei aller fleste av desse att er like klare på at dette er plagiat, er det svært lite tillitvekkande av Støre å la Kjerkol bli sitjande som statsråd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement