«Målet er å forstå korleis seinfølgjer artar seg og kor vanlege dei er.»
Gunhild Alvik Nyborg er lite nøgd med Folkehelseinstituttet sitt arbeid med kunnskapen om seinfølgjer etter covid-19. I Dag og Tid 16. mai syner ho til eit systematisk litteraturoversyn om hjartesjukdom som demonstrerer at studiekvaliteten påverkar resultata. Dei dårlegaste studiane hevdar at covid-19 gjev hjartesjukdom hos mange, dei betre studiane hos få. Men jamvel dei beste studiane har store feilkjelder.
Ta til dømes studien som forskarane meinte hadde høgast kvalitet. 549 pasientar skulle følgjast, men berre 248 av dei fylte ut eit skjema om symptom eit halvt år etter covid-19. Då hadde 6 prosent av dei brystsmerter. Tyder det at 6 prosent får brystsmerter i minst eit halvt år etter covid-19? Sjølvsagt ikkje:
▪ Dei 549 var ikkje representative for alle som fekk covid-19. Til dømes hadde dei medianalder i 50–60-åra, og over halvparten hadde vore på sjukehus med covid-19.
▪ Dei 248 som møtte seks månader seinare, var truleg enda mindre representative. Kanskje dei som følte seg friske, droppa å svare på spørjeskjemaet?
▪ Kanskje den utvida kontakten med sjukehuset etter covid-19 avdekte sjukdom som hadde vore der allereie før covid-19.
▪ Årsaka til brystsmertene kan ha vore noko heilt anna enn covid-19. Studien samanlikna ikkje med folk som ikkje hadde hatt covid-19.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.