Mangfaldig normalitet

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I svaret, i førre utgåve av Dag og Tid, på min kritikk av Strøksnes sin kommentar om rasisme i Noreg, spør han kva det tyder når eg skriv: «Nyare rasismeforsking syner oss at me alle er dominerte av førestillingar om ‘det vanlege’ og ‘det normale’. Slike hegemoniske førestillingar er ikkje berre ei oppfatning av ein empirisk og deskriptiv røyndom, men vert ofte kombinert med normative standpunkt.»

Strøksnes utlegg dette slik: «Alle menneske, same kvar i verda, er sosialiserte inn i ein kultur, ein identitet, eit normativt rammeverk som dei fortolkar verda ut frå, og som formar preferansane deira. Idear om normalitet er ikkje berre vedheng til ein kultur, dei er i ein viss forstand sjølve kulturen. At dei hegemoniske førestillingane varierer mellom kulturar, er jo nettopp det som gjer dei forskjellige.»

Akkurat, og det er difor det er så vanskeleg å skilje det deskriptive og normative – og det estetiske! Det er nett denne naturleggjeringa gjennom sosialisering inn i kulturen som gjer det empiriske, normative og estetiske til tre sider av same sak, i mange sine augo. Det er hovudpoenget i mi påpeiking av at rasediskriminerande haldningar er meir utbreidde enn me til vanleg trur. Det er òg av den grunn eg meiner det er meir presist å snakke om rasediskriminering framfor rasisme. For rasediskriminering er ei skeptisk, negativ eller ignorerande haldning til personar med eit anna nasjonalt, etnisk og/eller kulturelt opphav. Ei slik haldning kan fort føre til diskriminerande praksis. Dette kan altså også skje sjølv om ein ikkje er medviten om desse haldningane.

Eit døme på ei slik rasediskriminerande handling, med praktiske konsekvensar, er det langvarige fråværet av ikkje-kvite modellar i reklame og moteblad. Det kvite (og slanke og så bortetter) har vore ein estetisk norm. Dette har halde fram også etter at mellom anna Noreg blei eit tydeleg fleirkulturelt samfunn. Endringar har skjedd, nett av di den etablerte praksisen blei utfordra av nye røyster som peika på at den gamle normaliteten med tilhøyrande ideal hadde endra seg.

Det er òg desse endringane som gjer at det ikkje-rasediskriminerande i eit relativt homogent samfunn kan verte til rasediskriminering i eit meir fleirkulturelt samfunn. Paradokset er at medan den klassiske rasismen vert mindre, kan altså rasediskrimineringa auke. Oppløysinga av paradokset ser me i distinksjonen mellom rasisme og rasediskriminering.

Rasisme er ei ideologisk forankra overtyding om at det finst normativt relevante skilnader mellom folkeslag av di det også finst meir eller mindre tydeleg skilnader ein kan observera. Rasisme er med andre ord å tilkjenne folkegrupper fleire eller færre grunnleggande rettar alt etter kva gruppe ein høyrer til. Slik har mange kvite meint seg å høyre til ei overlegen gruppe som av den grunn også hadde fleire rettar enn alle andre folkeslag. Dette er kjernen i all rasisme – ulik fordeling av (menneske)rettar. Strøksnes og eg er samde i at det er lite slik rasisme i Noreg.

Rasediskriminering er ein praksis utan ein naudsynleg samanheng med ei ideologisk-rasistisk forståing av rettar. Det er ein praksis som botnar i ei samanblanding av det deskriptive/empiriske og normative/ideelle. Altså ei haldning som gjer det empirisk vanlege eller normale til det normativt rette, òg i tydinga det estetisk rette.

Men sjølvsagt meiner ikkje eg at me skal – eller at det er mogleg å – oppheve førestillingar om det normale og vanlege. Det ville vere dumt, av di det finst fenomen som er vanlege eller normale – i deskriptiv samanheng. Likevel kan me skilje mellom det som er vanleg eller normalt i deskriptiv tyding, og det som er normativt (det vil seie moralsk og politisk) rett eller gale. Det er det som har skjedd i synet vårt på homofili. Heldigvis.

Nei, eg trur ikkje at korkje rasisme eller rasediskriminering berre er knytt til hudfarge eller andre ytre kjenneteikn. Antisemittismen er et døme på at det er antatt indre eigenskapar som ligg til grunn for skeptiske og fiendslege haldningar og handlingar. Islamofobi er eit anna døme. Der er religiøs-kulturell bakgrunn ofte kombinert med ytre kjenneteikn – mørk hudfarge og/eller særleg klesdrakt, og båe delar kan spele ei rolle i dei diskriminerande praksisane (alt for mange) muslimar vert utsette for.

Strøksnes reiser elles fleire interessante og viktige spørsmål det ikkje er mogleg å svare godt på i eit kort lesarinnlegg. Det er spørsmål me lyt kome attende til i ein vidare fagleg samanheng.