Markusevangeliet som den fyrste påskekrim?

Måleri av evangelisten Markus frå 1598 på preikestolen i Tjølling kyrkje.
Måleri av evangelisten Markus frå 1598 på preikestolen i Tjølling kyrkje.
Publisert

Også denne påska dynga NRK og andre media oss ned med såkalla påskekrim, alt frå brølande actionfilmar til den finurlege Hercule Poirrot (som jamvel eg såg). Det ein kallar påskekrim, byrja visstnok i 1923 med boka Bergenstoget plyndret i natt. Men ettersom den kristne påskehøgtida har i seg sterke innslag av ei kriminalsoge, har det undra meg at ingen har teke opp den tråden, etter det eg har registrert. Før programmet Åpen Bok på NRK P2 fyrste påskedag. Då hadde Marta Norheim eit lengre, tankevekkjande innslag om Markusevangeliet som den fyrste påskekrimmen. Rett nok med spørjeteikn etter.

Når ho valde Markusevangeliet, er det fordi det er den eldste skriftlege nedteikninga som me har av ord og handlingar av Jesus, sannsynlegvis frå 60-talet. Men dei same vurderingane kan me gjera rundt alle dei fire evangelia.

Lever dei opp til nemninga påskekrim på line med notidig kriminallitteratur? Ja, viss ein fokuserer på at dei skildrar ein arrestasjon, at saka vert ført for to rettsinstansar med ulik kompetanse (Det høge rådet og Pilatus), påverknad utanfrå ved folkehopen som ropar krossfest – ein slags analogi til vår tids mediepress, og ei avretting basert på ein urettferdig prosess.

Men så vidt eg har skjøna, skal krimlitteratur ikkje på førehand røpa brotsverket eller «plottet», men i høgda koma med hint. Dette kriteriet innfrir evangelia ikkje. For Jesus seier mange gonger i evangelia tydeleg at dei religiøse leiarane i Jerusalem kjem til å ta livet av han – noko elevane hans ikkje skjøna. Her treng ein ikkje postulera at Jesus hadde overmenneskeleg innsikt, her var det nok med alminneleg fornuft. For Jesu brot på sabbatsføresegnene, og ikkje minst inntoget i Jerusalem og reinsinga av tempelet rett før den jødiske påskefesten i år 30, verka så provoserande på dei jødiske leiarane at mange må ha forstått at det ville setja fart i deira ynskje om å ta han av dage.

Også eit meir grunnleggjande drag ved evangelia skil dei ifrå notidig krim. Og det er at alle evangelistane skriv ut frå trua på ei «overhistorie». Nemleg at det som utfaldar seg djupast sett er Guds vilje, og at den tiltalte er ein Messias som dei jødiske leiarane ikkje skjønar, ja, at han beinveges er Guds son. Evangelistane ser vidare si oppgåve ikkje i å underhalda, men vekkja eller styrkja trua på Jesus hjå lesarane.

Avrettinga av Jesus plar ofte utløysa diskusjonar om kven som hadde ansvaret, jødane eller romarane? Åpen Bok var også inne på dette. Historisk-konkret er svaret enkelt: Det var begge partar, i ei form for samverknad. Så lenge ein berre drøftar saka på det konkrete planet, vil det lett bli brukt i skummel antisemittisk lei. Men ut frå «overhistoria» var det menneskeætta, vi alle, som tok livet av Jesus. Måten han gav seg sjølv for andre på, vil alltid utløysa destruktive motkrefter i verda vår, slik ho no eingong er.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement