Meir praksis i skulen?
Diktaren Nils Kjær (1870-1924) seier at skulen skal ha fag som har verdi for eitkvart menneske i eit kvasomhelst yrke i framtida.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Underteikna er usamd i at praktisk læring skal inn i alle fag.
Når det gjeld kva som bør lærast, både i grunnskulen og i den vidaregåande skulen, er eg samd med det diktaren Nils Kjær (1870–1924) skriv i epistelen «Et brev om æstetik».
Han skriv: «[Skulen] skal ikke utdanne fagmenn av den enkle grunn at hver elev isåfall måtte få sin egen klasse, da det vel umulig kan forutsettes at alle av samme kull skulle være skikket til samme livsgjerning.»
Han seier vidare at skulen skal ha fag som har verdi for eitkvart menneske i eit kva som helst yrke i framtida.
Slike fag er morsmål, naturkunnskap (her kjem matematikken inn), historie og kulturspråk.
Skulen skal ta omsyn til at eit menneske først og fremst tilhøyrer naturen, dernest sivilisasjonen, og etter det til eit bestemt folk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.