Ordskifte
Menneskelege skjold
Click to add subtitle
Øydelagde bygningar i Gaza. Biletet er teke 17. februar i år.
Mahmoud Issa
I leiaren
i Dag og Tid 7. februar skreiv eg at «Hamas har nytta folket som menneskelege
skjold» i krigen mot Israel. Arnt L. Grav hevdar 14. februar at bruken av omgrepet
«menneskelege skjold» er misvisande.
Eg meiner
framleis at omtalen av Hamas' militærstrategi står seg. FN og
ei rekkje menneskerettsorganisasjonar har dokumentert at Hamas ved fleire
tilfelle har plassert våpenlager, utskytingsrampar og kommandosenter nær eller
i sivile bygg, som sjukehus, skular og bustadblokker. Det er òg dokumentert at nokre av utgangane frå det omfattande tunnelsystemet til Hamas endar i sivile bygg og
område.
Ein slik
praksis er i strid med krigens folkerett og må kunna omtalast som bruk av menneskelege skjold. Det er grunn til å tru at Hamas reknar med at Israel vil ta omsyn til moglege
sivile tap ved (mot)angrep. Slik vert sivile eit skjold for Hamas.
Israels
krig på Gaza må fordømast. Ikkje minst av di eit brot på krigens folkerett
ikkje rettferdiggjer nye krigsbrotsverk. Krigen har vore katastrofal og ført til store tap og lidingar for sivilbefolkninga på Gaza.
Samstundes må ein fordøma
Hamas og dei katastrofale ugjerningane dei har stått for. Hamas har vore ei
ulukke for det palestinske folket på Gaza.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.