Sør-Hålogaland bispedømmeråd har nominert fem kandidatar til den ledige bispestolen i bispedømmet. Det er ein merkeleg nominasjon. Det merkelege består ikkje i kven som står der, men kven som ikkje står der og som burde ha stått der.
Ein som fleire ønskjer seg som kandidat, er professor i kyrkjehistorie, Hallgeir Elstad. Han er frå bispedømmet og var kandidat førre gong. Han er sterkt fagleg og vitskapleg skolert. Han har også mykje prestepraksis og er ein dyktig predikant. Han kjenner bispedømmet godt. Korleis er det mogleg ikkje å ta han med? Vi veit at han er villig til å stille og har vore til intervju. Det kan berre bety at rådets fleirtal ikkje ønskjer han. Kvifor?
Eg håpar inderleg at eg tar feil, men eg kan ikkje fri meg frå ein sterk mistanke: Rådets fleirtal ønskjer å støtte ein spesiell kandidat. Derfor har dei unngått ein som kunne vera ein sterkare konkurrent til vedkomande. Behandlinga i rådet er hemmeleg. Vi «utanfor» veit ingenting.
Biskopen skal vareta bispedømmet. Hen skal ha tilsyn med kyrkjelydar, prestar, andre kyrkjelege tilsette og tillitsvalde. Bispeembetet er eit læreembete. Hen skal vareta og verne kyrkja si lære. Det krevst derfor stor teologisk tyngde, ikkje nødvendigvis alltid professorkompetanse, men bispekollegiet treng no ein medlem frå akademia.
Biskopen skal vigsle nye kyrkjehus, prestar og andre tilsette som krev vigsling. Hen skal i samtale prøve prestekandidatane om dei deler kyrkja si tru. Hen innehar «einskapens embete». Hen skal halde kyrkja saman. Hen må derfor vere forsiktig med fronte teologiske og kyrkjepolitiske særstandpunkt.
Noverande tilsettingsprosess er avleggs. Det er ein dårlig variant av statskyrkja si ordning, men før kunne ein stemme på andre kandidatar enn de nominerte. Det kan ein ikkje no. Ein har rett nok høve etter visse reglar til ein supplerande nominasjon. En slik prosess er no sett i gang.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.