EU
Michael Tetzschner og EU
Michael Tetzschner var pådrivar for å programfeste at Høgre skal jobbe aktivt for EU-medlemskap
Foto: Cornelius Poppe
I «Samtalen» i Dag og Tid nr. 13 er Michael Tetzschner (MT) bekymra for at vi, i motsetnad til våre nordiske vener, berre har ein EØS-avtale med EU og ikkje fullt medlemskap. Med alle direktiva som kjem flygande frå Brussel, og som er meinte at vi skal gjere til lov for oss, set eg pris på at vi kan seie nei.
MT viser vidare til den urolege tida vi er inne i no, og fleire politikarar vil tydeleg skremme Noreg inn i EU. Vi er jo berre medlem av Nato, seier MT, og EU driv no arbeid mot hybrid krigføring, seier han og meiner at her står vi utanfor det politiske samarbeidet. Eg ser og les ikkje anna enn at regjeringa har eit omfattande samarbeid med andre land, der også slike tema står på dagsordenen.
MT meiner òg at regjeringa syner manglande respekt for Stortinget og folk fordi saka om direktiva på kraftområdet ikkje skal handsamast i Stortinget i neste periode. Dette er aktlaust av MT. Ei sakliste gjeld vel for alle partia, utan at ein dermed skal bli skulda for manglande respekt for storting eller folk.
Ut frå det MT seier, kan det sjå ut til at Noreg ikkje har samarbeid med EU, men vi har gode vilkår for handel og andre relaterte område. Vi tek del i særs mange avtaler med både EU-land og europeiske land utanfor EU. Noreg treng ikkje, slik MT påstår, springe etter EU i håp om å få vere med på å avgjere innkjøp. Noreg har vore og er framleis ein viktig deltakar i både europeiske og internasjonale samtalar og møte.
Vi ser vidare at Storbritannia, som ikkje er medlem av EU, no har inngått eit forsvarspolitisk samarbeid med EU. Ein treng altså ikkje vere medlem av EU for å samarbeide med EU, nett slik vi gjer gjennom EØS-avtalen.
No opnar MT sjølv det eg meiner er det viktigaste argumentet mot medlemskap i EU. Han seier at vi har «absolutt nasjonal råderett over nesten ingenting i Noreg», og no vil MT ta frå oss den vesle råderetten vi har att, ved å ta Noreg inn som medlem av EU.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.