Mislykka «opprydding»
Reinsdyr i Kamøyvær.
Foto: Berit Roald / NTB
I dei siste vekene har eg publisert eit essay i tre delar i Dag og Tid («Om det norske og det samiske»). Essayet er rundt 15.000 ord langt. Under arbeidet har eg mellom anna konsultert historikarar, arkeologar, genetikarar, juristar og politikarar, byråkratar. Eg har pløgd meg gjennom store mengder tekst i form av bøker, artiklar, rapportar og offentlig dokumentasjon frå til dømes Stortinget (mykje er synleg i dei 67 sluttnotane som er publiserte digitalt). Så har eg freista å lage syntesar av all denne informasjonen. Som idéhistorikar, forfattar og journalist har eg heile mitt vaksne liv drive med slikt.
Mikkel Berg-Nordlie og Constance Jessen Holm startar sitt debattinnlegg mot essayet med å «oppfordre redaksjonen til å oppsøke folk med fagutdanning».
Kven tenker Berg-Nordlie på, mon tru? Engasjementet hans er stort, det skal han ha. Det kjem til og med tydelig fram i artiklane han skriv for Store norske leksikon om samisk historie.
Berg-Nordlie og Holm (frå no BNH) hevdar at Sápmi er kolonisert av Noreg, fordi samar levde i alle tre landa då statane blei oppretta. Sápmi utgjer mesteparten av Noreg, og går i mange framstillingar heilt ned til Hedmark. Storparten av dette landområdet var busett av forløparane til den etnisk norske befolkninga lenge før samane kom til dei same områda. Slik eg spurde i essayet: Korleis kan dei som kom først, ha kolonisert dei som kom seinare?
Hadde BNH og andre snakka om det indre av Finnmark, og nokre andre regionar, så kunne eg skjønt det. At samane er ein minoritet som ikkje fekk sin eigen stat – ja, absolutt. Men at Sápmi som heilskap har vore kolonisert? I så fall blir ordet nytta på ein heilt annan måte enn til dømes om koloniseringa av USA, Sør-Amerika, Australia og Afrika. Dit kom kolonistane for 500 eller 200 år sidan, med det formål å stele landet, plyndre naturressursane og utrydde dei innfødde eller bruke dei som slavearbeidskraft. Å påstå at same orda er dekkande for dei to prosessane, er i verste fall å vatne ut omgrepet kolonisering.
Om dette med at statsgrenser skal vere avgjerande: kvifor er då ikkje også kvenane eit urfolk?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.