Misvisande om amerikansk utanrikspolitikk
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Interessesfærar
Dag og Tids journalist Morten A. Strøksnes’ utfall mot amerikansk utanrikspolitikk i avisa 25. august 2023 («Washingtons mann i Brussel») er så misvisande at det ikkje bør bli ståande uimotsagt.
Strøksnes tek utgangspunkt i Jens Stoltenbergs utsegn under Arendalsveka om at «det er ikke slik at stormakter har rett til interessesfærer og kan bestemme hva små naboland kan gjøre». Dette finn Strøksnes dobbeltmoralsk fordi USA i «over to hundre år» har «operert med stadig større interessesfærar der dei har bestemt kva som er akseptabelt av politikk, og kven som har rett til å vere der, alt med tanke på sine eigne økonomiske og strategiske målsettingar». Akkurat likt Russland, berre at USA, som «har gjort mesteparten av verda til ein amerikansk interessesfære», er verre. I same ande legg Strøksnes ut om USAs «dominans», «globale hegemoni» og «imperialisme».
Store norske leksikon skriv at ei «Interessesfære er et område som en stat ikke har formell suverenitet over, men som den mener den har rett til å øve særlig innflytelse over – et krav andre stater viser at de aksepterer». Den store forskjellen på russisk og amerikansk utanrikspolitikk er sjølvsagt at Russland meiner å ha rett til å bestemma over Ukraina, og brukar makt for å få viljen sin, mens USA godtek andre lands rett til å velja sjølv. USA har så klart interesser, men kan etter SNLs definisjon ikkje seiast å ha «interessesfærar».
USA tvingar såleis verken Noreg eller andre land til å vera med i Nato. Vi er det av eigen fri vilje fordi det er i vår interesse. I den grad nokon kjenner seg pressa til Nato-medlemskap, er det på grunn av Russland, ikkje USA. Eller vil Strøksnes påstå at USA tvingar Sverige og Finland å gå inn i Nato? Eller Japan og Sør-Korea til å samarbeida med USA for å stå opp mot Kina?
Det som er rett, er at USA lenge har vore verdas mektigaste land, og kjem til å vera det i lang tid framover. Og det skal vi vera glade for. USA, og vi med det, har gjort feil, men ei verd med USA som leiande makt er trass alt langt betre enn dei fleste alternativ.
Strøksnes’ artikkel inneheld elles ei rekke feilaktige eller i det minste svært diskutable påstandar. Kva siktar han til dømes konkret til når han antydar at USA manipulerte vala i Russland i 1996 og i Ukraina i 2014? Den Nato-leia intervensjonen i Libya i 2011 var godkjend av FNs tryggingsråd (Russland og Kina avstod). Han hevdar at Mary Sarotte si bok frå 2021, Not One Inch, inneheld «side opp og side ned med åtvaringar frå framståande europeiske og amerikanske politikarar, diplomatar og analytikarar» mot austutviding av Nato. Sanninga er at boka er ein nyansert gjennomgang av forhistoria til den første utvidinga i 1999, og eigenleg ikkje kjem til nokon annan konklusjon enn at USA/Nato «burde ha lytta meir til det Russland meinte».
Sarotte viser elles at det ikkje var USA, men dei sentral- og austeuropeiske landa sjølve som var dei fremste pådrivarane for utviding. Fordi dei frykta det som nå skjer.
Tore Nedrebø er tidlegare diplomat.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.