Ordskifte
Molok
For meg, og for mange andre som har brukt denne avguden som metafor, representerer Molok ein primitiv førmoderne offerkultur.
Ofring til Molok. Teikning av Charles Foster, 1897.
Illustrasjon via Wikimedia Commons
I Dag og Tid nr. 3 (17. januar) spør Jiri Muller i debattinnlegget «Bøker om Gaza og sionisme» om kvifor eg nytta Molok som tittel på ei bok om Gaza-krigen. Det forklarar eg gjerne.
For meg, og for mange andre som har brukt denne avguden som metafor, representerer Molok ein primitiv førmoderne offerkultur: noko menneskefiendtleg, valdeleg, fanatisk, tribalistisk, destruktivt og utan medynk – eit historisk stadium som burde vore tilbakelagt. Såleis er tittelen retta mot både Israel og Hamas.
Samstundes er det ein formidabel asymmetri mellom talet på drepne, skadde og øydeleggingane partane har påført kvarandre. Angrepet 7. oktober tok livet av 695 sivile israelarar. Som hemn har Israel lagt mesteparten av Gaza i grus og drepe kanskje hundre gonger så mange palestinarar, dei fleste kvinner og barn. (Dødstala er no oppe i 47.000, men mange ekspertar meiner talet er svært mykje høgare.)
Konstant frykt
I 16 månader har to millionar palestinarar blitt drivne rundt på Gazastripa, ofte utan mat, vatn og vern. Dei har levd i konstant frykt for å bli drepne, når som helst og kor som helst, inkludert på sjukehus og i dei provisoriske leirane dei er blitt viste til. Slik eg skriv i boka, når eg kommenterer det faktum at fleire barn er drepne i den siste Gaza-krigen enn totalt i andre konfliktar verda over dei siste fire åra: «Det betyr ikke at jøder er barnemordere. Det betyr at det israelske militæret dreper altfor mange barn.»
Under krigen har Israel utført ei lang rekke krigsbrotsverk, ifølgje ekspertar på folkerett. Benjamin Netanyahu og Yoav Gallant er ettersøkte av Den internasjonale straffedomstolen (ICC) for mistanke om folkemord. (Hamas-leiarane som ville blitt ettersøkte, er drepne.) I tillegg har Israel i praksis innført apartheid mot palestinarar, ifølgje utførlege juridiske rapportar frå Human Rights Watch, Yesh Din, B’Tselem, Amnesty International, FN-juristar, tidlegare Mossad-sjefar, Harvard-juristar og apartheidekspertar frå Sør-Afrika. Bakgrunnen er ein ulovleg okkupasjon av millionar av palestinarar, som går føre seg i generasjon etter generasjon, for å stele eller kolonisere stadig meir av landet deira. Sjølv sekulære politikarar som Netanyahu nyttar religiøse tekstar for å forsvare denne politikken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.